Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med ishockey i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. desember 2021

I haust har den nystarta ishockeyklubben Surnadal Blades investert mykje i ishockeyvant og anna utstyr, for å kunne lage ishockeybane på Øye stadion. Øye stadion ligg rett ovanfor den nye barne- og ungdomsskulen på Øye, og plana er at elevane ved skulen kan nytte ishockeybanen på dagtid, i friminutta og gymtimane, medan klubben sjølv disponerer tida på kveldstid. 

Mange ivrige ishockeyspelarar får her litt instruksjon. Foto: Gunnar Nordvik

Tilbodet om ishockey har blitt ein suksess, og banen har vore godt besøkt etter at den vart opna. Det er lagt opp til organisert trening for både unge og vaksne på kveldstid i regi av Surnadal Blades. I går kveld var det sytten ungar/ungdommar som møtte opp for å trene ishockey, inkludert tre ivrige spelarar frå Todalen. 

Lars Ailo, Nils Erik og Hallvard. Foto: Gunnar Nordvik

 

Publisert: 30. desember 2021, 09:48