Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik «Søyapost»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. desember 2021

Jula er ei høgtid med mange tradisjonar, og at «Søyaposten» kjem i postkassen, rett før jul, har etter kvart også blitt ein av desse tradisjonane. Årets utgåve av «Søyaposten» er på 40 sider og inneheld som vanleg ein oversikt over aktiviteten i Idrettslaget Søya det siste året, men også eit historisk tilbakeblikk frå tidlegare år.

Det er Idrettslaget Søya som står som ansvarleg utgjevar av «Søyaposten», og i år har desse vore med i redaksjonen: Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Merete Haugen (redaktør) og Kristin Grønnes. Dette er den 51. årgangen av «Søyaposten». 

Eit historisk tilbakeblikk høyrer med!

I årets utgåve av «Søyaposten» finn ein som vanleg oppsummering av fotballsesongen for kvart enkelt fotballag. Søya og Todalen samarbeider og har felles lag i dei fleste klassar, så her får vi også lese om spelarane frå Todalen som er med på desse samarbeidslaga i  fotball. 

I årets utgåve finn vi også diktet «Utsikt frå Strenja, skrive av todalingen Jon Lunde. 

Les «Søyaposten 2021 digitalt»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 26. desember 2021, 08:00