Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turstien klar til «Romjulsmarsjen»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. desember 2021

Trimgruppa i Todalen Idrettslag melder at traseen i Toåa tursti no er klar til «Romjulsmarsjen 2021», som går av stabelen i morgon mellom klokka 12:00 og 15:00. Traseen vart i kveld køyrt opp med scooter, og det blir meldt at forholda for å gå på tur skal vere ganske bra. 

Det er no registrert over 900 besøk i Toåa tursti, gjennom «På tur i Todalen»-appen. Kanskje blir tur nummer 1000 registrert i morgon? Uansett, så vil den som registrerer tur nummer 1000 få ein fin premie frå Trimgruppa i Todalen Idrettslag. Så her er det berre å gå tur og registrere seg for fullt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 26. desember 2021, 20:23