De siste vekene har det pågått utbetring av vegen frå brua over Sagelva og forbi Bakkan mot Bergly. Det er Mikkelsen Maskin som jobbar med å utvide vegen litt og fyller opp grøfta på øvre sida av vegen, slik at det skal bli litt tryggare å møtes på denne strekninga.
Les heile saka
Årets influensavaksinering i Surnadal kommune vil gå føre seg på Surnadal kulturhus i Svorkasalen 1., 2. og 3. november. Dette opplyser Surnadal kommune på sine heimesider «surnadal.kommune.no». Du kan bestille deg time ved å gå inn på «c19.no», Influensavaksinering.
Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende e-post til : vaksine@surnadal.kommune.no, eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom klokka 09:00- 11:30. Hugs da å oppgi personnummer og mobilnummer.
Les heile saka
Søndag 31. oktober, mellom klokka 16:00 – 19:00, blir det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd tek til på Matkroken Todalen laurdag 23. oktober klokka 10:00 – 15:00 og fortsett fredag 29. oktober på same stad mellom klokka 15:00 – 17:30. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-. Ved kjøp via Vipps, hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn som skal skrivast på lodda. Hovudpremien denne gongen er eit gåvekort for to personar på Svinvik gard.
Les heile saka
I dag varta vêrgudane opp med skikkeleg fint haustvêr da Todalen sanitetsforening sin Kløvertur-gjeng tok turen til Toåa tursti. Etter nokre Kløverturar med skikkeleg dårleg vêr, tykte gjengen at det var godt å få ein tur der ein kjente sola varme litt att.
Les heile saka
På formiddagen i dag var næringskonsulent Harald Bredesen og IT-sjef Pål Ranes frå Surnadal kommune innom Matkroken Todalen for å optimalisere informasjonsskjermen i kaffekroken. Grunnen til dette er at sidene tidlegare har skifta kvart 10.sekund, noko som gjorde det vanskeleg å få lest informasjonen på informasjonsskjermen på ein god og informativ måte.
Les heile saka
I ein e-post som tikka inn søndag kveld, etterlyser Elin Moen Lysø, på vegne av Mo skulekorps, uniformer som tilhøyrer korpset. Dei håper å få inn uniformer, som framleis heng rundt om kring i heimar i Øvre Surnadal, Todalen, Kvanne og Stangvik. Uniformene er frå den perioden Mo og Stangvik hadde felles skulekorps.
Les heile saka
Surnadal bibliotek får besøk av to av dei mest omsnakka forfattarane for tida. Dei kjem for å snakke om sitt forfattarskap – og livet elles. 19. oktober klokka 19:30 kjem Nina Lykke, medan dagen etter, den 20. oktober klokka 19:30 kjem Kadafi Zaman, så her blir det noko å gle seg til for dei leselystne!
Les heile saka
Måndag 18. oktober kl. 11:00 blir det arrangerer Todalen sanitetsforening Kløvertur til Toåa tursti. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen for den som vil.
Les heile saka
Jenny Kvendset hadde bestemt seg for at når ho vart 100 år, så skulle ho invitere alle sambygdingar på bursdagsfeiring i Todalen ungdomshus. Ho hadde også bestemt seg for at det skulle bli nok mat. Som gammal pensjonatvertinne var ho vant til å arrangere store selskap, så ho ville ha eit ord med i laget både når det gjeldt meny – og kor mykje mat som trongs.
Fredag fylte Jenny 100 år, og var bortreist på dagen for å samle krefter til bursdagslaget som skulle stå i ungdomshuset på laurdag. Laurdag troppa det opp rundt 120 gjestar i ungdomshuset, så huset vart nærast fylt til siste pådekte plass – akkurat slik Jenny ville ha det..
Les heile saka
I dag mellom 12:00 – 16:00 inviterte Indre Nordmøre Forsvarsforening til open dag krigsminnesamlinga på Åsen. Det kom godt med folk for å sjå på utstillinga. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld forskjellege våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Ja, det spørsmålet stiller ordførar Margrete Svinvik og kommunedirektør Knut Haugen til bygdefolket i Todalen. Politikarane har gjeve dei to i oppdrag å ha ein dialog med bygdesamfunnet for å prøve å finne ei løysing på eventuell etterbruk av skulebygninga etter at skulen vart nedlagt i år.
Les heile saka
Vi har tidlegare fortalt om utbygginga av impregneringsanlegget til Talgø MøreTre som foregår på anlegget på Syltøran. Denne veka vart ein skikkeleg milepel passert da «Samskip Kvitbjørn» stakk innom Surnadal Hamn med mykje av utstyret som skal monterast i det nye Cu-anlegget som er under montering. Talgø Møretre investerer rundt 50 mill. i nytt anlegg for grønimpregnering, og rundt 50 mill i infrastruktur- og utvidelse på Royal-3.
Les heile saka