Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange på open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 16. oktober 2021

I dag mellom 12:00 – 16:00 inviterte Indre Nordmøre Forsvarsforening til open dag krigsminnesamlinga på Åsen. Det kom godt med folk for å sjå på utstillinga.  Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld forskjellege våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.

Mange våpen er utstilt på INF si krigsminnesamling på Åsen. Foto: Jo Inge Øverland

Dei som tok turen fekk sjå norske, tyske og engelske våpen som vart nytta her i distriktet under krigen. Dei fekk også sjå forskjellege tyske propagandaplakatar frå krigstida. 

Engasjerte medlemmer i INF. Foto: Jo Inge Øverland

Utstillinga inneheld også forskjellege norske, tyske og engelske dolkar frå krigens dagar. Det var og utstilt to lokale uniformer frå IR 11, som var det operative regimentet her i området under krigen, kunne Jo Inge Øverland frå Indre Nordmøre Forsvarsforening fortelje.

Mykje spennande å sjå på. Foto: Jo Inge Øverland

Jo Inge kunne og fortelje at utstillinga har ein del forskjelleg  sambandsutstyr som vart nytta under krigen. 

Flott dag på Krigsminnesamlinga. Foto: Jo Inge Øverland

Jo Inge var godt nøgd med responsen og beøket på Indre Nordmøre Forsvarsforening sin opne dag på Åsen i dag. 

Våpen med lokal tilknyting frå krigen 1940 – 45. Foto: Jo Inge Øverland

 

 

Publisert: 16. oktober 2021, 16:04