Laurdag 16. oktober mellom klokka 12:00 og 16:00 inviterer Indre Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Utover hausten er det ein travel sesong med service og vedlikehald av varmepumper. Kvart 2. eller 3. år er det behov for skikkeleg reingjering av både innedel og utedel for at ein skal få optimal utnytting av energien som driver varmepumpa. Her er det nemleg vanleg at ein får igjen 4 eller 5 gong den energien som sesttes inn. Svein Stenberg er varmepunpeekspert hos Comfort Surnadal, og no utover vil nok mykje av arbeidstida hans bli servicearbeid på allereie installerte varmepumper i tillegg til nye installasjonar.
Les heile saka
Torsdag 7. oktober klokka 18:00 er det duka, for det som ser ut til å bli sesongens siste fotballkamp på Bordholmen stadion for i år. Da er det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9 og Surnadal G9. Her er det lokale spelarar, både på heime- og bortelaget.
Les heile saka
Etter en forrykende sluttspurt med knallsterke scorer på de siste hullene avgjorde «Gartes» – dvs. ekteparet Tove Hilstad Garte og Geir Garte – årets Hjortescramble med meget solide 46 poeng. På de neste plassene kom Erling Svinvik / Øyvind Svinvik og Bjørn Schei / Kristoffer Brøske Nordvik, begge parene med 44 poeng.
Les heile saka
Da medlemskontingenten for Todalen Idrettslag for 2021 vart utsent tidlegare i haust, oppstod det ein liten feil. Feilen er at forfallet vart sett til 14.11.2021, nesten tre månader fram i tid. Dette skulle ha vore 14.09.2021. Difor oppfordrar Todalen Idrettslag sine medlemmer til å snarast betale kontingenten for 2021, sjølv om forfallsdatoen framleis er om over ein månad.
Les heile saka
Laurdag var det offisiell opning av trimappen «På tur i Todalen ved gapahuken i Båthølen. Appen blir levert av Turpoeng, og kan lastast ned både på iPhone og Android. Knapr 40 trimmarar hadde teke turen for å vere med på den offisielle lanseringa, sjølv om turmåla opna for registrering frå fredag, og allereie var teke i bruk av fleire turgåarar.
Les heile saka
Folkeakademiet og Surnadal heimbygdlag inviterer møte om språk og språkhistorie tysdag 5. okotber kl. 19:00 på Biblioteket i Surnadal kulturhus. Sylfest Loheim er kveldens kåsør.
Les heile saka
I går kveld var Søya/Todalen G9 i Ålvundfjorden og spela kamp mot Kvass/Ulvungen. Kampen vart spela innandørs i fotballhallen til Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion, noko som passa bra på ein kveld med mykje vind. Kampen vart, som ofte lokaloppgjer blir, ein jamn kamp der laga skifta på å ha føringa i målprotokollen. Rapportane fortel om […]
Les heile saka
Torsdag kvald samla Byggmakker Surnadal eit 50-tal av sin proff-kunder til messe på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Dei fleste av proffkundane er antreprenørar elle snekkarar som nyttar Byggmakker som leverandør av byggevarer. Denne kvelden var det invitert med 11 leverandørar som presenterte sine produkt for interesserte handverkarar.
Les heile saka
Frå 1.oktober blir trimpostane til Trimgruppa i Todalen Idrettslag, som tidlegare nemnt, opna for digital registrering gjennom appen Turpoeng. Frå neste veke vil: «http://www.trimpoeng.no/i/paa-tur-i-todalen/», bli «levande» og registreringa kan ta til. Her finn du alt av informasjon og rettleiing du treng for å kunne bli med på den digitale registreringa av trimturane dine. Her kan du ôg laste ned Trimpoeng-appen. Når det blir opna for å registrere seg i appen på telefonen, vil alle registrerte bli synlege. Samstundes vil turane med besøk, i samtid, bli synlege.
Les heile saka
Torsdag kveld inviterte Todalen Sanitetsforening til helsekveld i Todalen ungomshus, og mange møtte fram for å få med seg Kari Løvendahl Mogstad fortelje om demens, og Tonje Bjørnås, Helga Bele og Solveig Haglund fortelje om tilbodet «Inn på tunet».
Les heile saka
I strålende vær var det 33 personer som gjekk til Bøkeskogen i dag. Endelig en dag hvor regnkledene kunne være hjemme. Da vi startet var det 15 varmegrader, og da vi satte oss til bords på Svissholmen var temperaturen kommet til 19 grader. Med andre ord en strålende høstdag. Vi gjekk snarveien om prestegården, og da var det lett motbakke hele veien fram til Bøkeskogen som tok ca. 40 min.
Les heile saka