Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verdens beste band til Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. april 2022

«Give Me 5» er tilbake, og denne gongen vil dei få besøk av Rasmus og Verdens Beste Band. Konserten er allereie i morgon, torsdag 21. april på Surnadal kulturhus klokka 19:00, og det er framleis billettar att til konserten med bandet attom kjente og tullete songar som «Puppan te pappa» og «Daniel datt i do».

Bandet er også kjent for å skrive om tema som ikkje er så vanlege for den yngre aldersgruppa, som «Gutten på stranda» og «Fyllikan i bakgården».

Rasmus og Verdens Beste Band starta opp i 2007 og har gjeve ut fem barneplater og fått tre spelemannsprisar – samt vore med i eit utal med fjernsynsproduksjonar, m.fl. «Kosinus» på NRK Super.

Men Rasmus og Verdens Beste Band skal ikkje få scena heilt for seg sjølv denne torsdagskvelden. Femteklassingane i Surnadal vil også bidra saman med bandet – for endeleg, etter eit par «koronaavlyste» år, er «Give Me 5» tilbake igjen!

Billettar til: «Give Me 5»

Publisert: 20. april 2022, 12:18