Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gyda – vassføringa aukar enno i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. januar 2022

Medan vassføringa i Surna nærmar seg 50-årsflaum så fortsett også Toåa å vokse, og var kl 16:00 i dag komen på 86 m3/sek som pr definisjon er 5-årsflaum.  Men som sag så er det enno auke i vassføringa, og ein må nok rekne med at toppen blir nådd først i kveld eller natt.

Les heile saka

Surnadal kommune – oppdatering om uvêret Gyda

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. januar 2022

Uvêret Gyda har ført til flom i Surnadal og Fv 65 er stengt fleire stadar oppover mot Orkland, både i Surnadal og Rindal. Elva Surna har gått over sine bredder og skapt flom. Mellom anna er det ein stor redningsaksjon for å berge flerie hundre sauer som står i far for å drukne. Elevane ved skulane i Surnadal kommune vart ved 13-tida sendt heim, og det er i ettermiddag bestemt at både Stangvik skule på Evenshaugen og ungdomsskulen i Surnadal skal ha heimeskule i morgon. NVE melder at dei forventar at flaumtoppen blir nådd i kveld eller i morgon tidleg. 

Les heile saka

Gyda: Fuktig og vindfull natt

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. januar 2022

Gyda har markert seg det siste døgnet – det har vore både vindfullt og store nedbørsmengder har kome ned.  Toåa har hatt ei jamn stigning frå i går i 12-tida, da vassføringa 1,2 m3/sek til i dag tidleg kl 5 (nyeste måling frå NVE i skrivande stund) da vassføringa var kome på 69 m3/sek.  

Les heile saka

Rute 46: Gyda stoppar ferja

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. januar 2022

Grunna dårleg vær er rute 46 Kvanne – Rykkjem inntil vidare,  frå og med avgangen kl 20:00 melder Fjord1.  I nattens mulm og mørke melder Fjord1 at det blir normal drift frå morgonen igjen.  


«Barn i løypa» under gode forhold

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. januar 2022

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var fine forhold for å gå på ski i fint preparerte løyper. Gradestokken viste eit par blå grader, så temperaturmessig var det langt betre i kveld enn førre tysdag, da det var skikkeleg kaldt. Mange hadde møtt opp og tok nokre rundar i dei fine løypene. 

Les heile saka


Balleik i gymsalen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. januar 2022

Torsdag 13. januar frå klokka 18:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Tilbodet er for alle barn og ungdom frå 6 år og oppover. Det blir allsidig aktivitet etter ønske. 

Les heile saka

Statusoppdatering for smittesituasjonen og vaksinering i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

I ei pressemelding frå kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan, no i ettermiddag, får vi informasjon om smittesituasjonen i Surnadal kommune. Vi får også ei statusoppdatering på vaksineringa i kommunen. Smittetrykket er akkurat no lågt, men kan endre seg raskt. Dette fordi det er mange smitta både i Kristiansund og Trondheim. 

Les heile saka

Mykje nedbør – fare for flom og ras onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar, gjennom si varslingsteneste varsom.no, om store nedbørsmengder i form av regn onsdag, torsdag og fredag. Dette gjer at det er sendt ut varsel om fare for flom, snø- og jordras i Surnadal kommune. På onsdag er farenivået for snøras i utsette fjellområde på raudt nivå, medan jordras og flom er sett til oransje nivå, noko som betyr nest høgaste nivå for slike varsel. 

Les heile saka

Barn i løypa tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Tysdag 11. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Les heile saka

Trollheimen Fjellsportklubb: Fin og lærerik dag i fjellet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2022

Vi har hatt en bra kursdag i fjellet, med praktisk instruksjon om ting som det er nødvendig å kunne dersom du skal drive med randonee.  – Vi har blant annet lært om veivalg, basis skredvett, gå-teknikk og bruk av sender/mottaker i skredredning, seier Arnt Owe Røed som var instruktør. Han skryter av ungdommene som deltok på kursdagen og skryter også av været og føret fjellet bydde på. 

Les heile saka

Tydalsnebba – utfartsdag utan like

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2022

Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen.  Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.

Les heile saka