Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På presentasjonsrunde – og balldag

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2022

Visit Northwest stakk i dag innom på sin presentasjonsrunde – dei tilsette i Visit Northwest bruker eit par dager kvar måanad for å reise på visit til medlemskomunar og medlemsbedrifter for å gjera seg kjent i distriktet.  Dei jobbar på heiltid med å presentere og framsnakke sine medlemar og jobbar målretta for å marknadsføre sine medlemar både i inn og utland. 

Visit Northwest har kontorplass i Kristiansund, men dei representerer både Nordmøre og Romsdal – og dei har eit utruleg godt samarbeid med sine kolleger på Surnnmøre.  Visit Northwest er til sist ein del av paraplyen Visit Norway.  Dei sørger for at fotografer lagar film og vilde frå distriktet her. Bildemateriellet blir stillt til disposisjon slik at det kan brukast til marnadsføring og reklame utan at det kostar noko.  

På balldag på Todalshytta. Frå venstre Terje Talgø (Talgø Invest),Torunn Dyrkorn, Karin Halle (Styreleiar i Visit Nordmøre og Romsdal), Eline K. Fladseth og Synnøve Henden. Foto Jon Olav Ørsal

Tysdag var dei altså innom Todalen og på omvisning på Gammelfabrikken og på Todalshytta.  Dei fekk sjølvsagt med seg at det var balldag på Todalshytta og var nok godt oppmetta når det drog vidare på sin turne på indre.  Den andre destinasjonen denne gongen var Tingvoll komune.  I Todalen er Svinviks arboret, Svinvik Gard, Kårvatn Fjellgard og Todalen brygge, medlemar i Visit Northwest.  Karin Helen Halle deltok i besøksrunden som styreleiar i Visit Nordmøre og Romsdal. 

Først publisert: 29. mars 2022, 17:50 - Sist oppdatert: 31. mars 2022, 06:01