Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flyktningar til Surnadal – ta skal vi få til!

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2022

Måndag kveld inviterte Surnadal kommune til informasjonsmøte om førebuingane til mottak av inntil 100 flykningar fra Ukraina.  Ordførar Margrete Svinvik kunne ønskje ein nærast fullsett Svorkasal med tilsette, presse og frvillige velkomne til møtet.

Ordførar Margrete Svinvik ønska velkomen og presenterte agendaen. Foto Jon Olav Ørsal

Ho minna oss på om det triste bakteppet og krigen mellom Russland og Ukraina som har skapt fryktningestraumen med fleire millionar som er på flukt frå Ukraina. Ein del av disse vil finne vegen til Noreg og eit hundretal til Surnadal. 

Einingsleiar Olav Bergheim var førstemann ut og orienterte om erfaringar dei alt har gjort med handtering av flyktningar og litt om kva vi kan ha i vente.  Han rosa friviligheita og erfaringane ein har så langt, og orienterte om situasjonen i dag.  Den nye situasjonen har oppstått i løpet av kort tid, og derfor er det forholdsvis begrensa med informasjon som er tilgjengeleg, men det kjem nok etter kvart, slik at vilkår og behov vil vil bli klarlagt. Kor mange flyktningar som kjem, og når dei kjem er uvisst – ein veit heller ikkje om alle kjem samtidig eller om dei kjem litt etter litt.

Einingsleiar Olav Bergheim orienterte om flyktningearbeidet – både tidlegare erfaringar og om planane for flyktningane som kjem frå Ukraina. Foto Jon Olav Ørsal

Mottak av 100 flyktningar vil nok bli ei utfordring på mange vis, både med tanke på busetting, helsetenester og barnehage/skule. Tilgjengeleg informasjon fortel at mødre og barn vil utgjera majoriteten av flyktningane – av dei hundre flyktningane vil kanskje som mykje som 40 være born og ungdom.  Difor må det leggast til rette for skulegang for borna og spropplæring for vaksne.  Det er viktig at flykningane så fort som muleg blir integrert med tanke på arbeid og skulegang.

Rannveig Brøske hadde gode erfaringar med å bruke kyrkja i flyktningearbeidet. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølv om det vil bli mange og store utfordingar så var det utruleg stor entusiasme frå frivillige i salen.  Her var det mellom anna representantar frå fleire idrettslag, Sanitetskvinnene, kyrkja og andre frivillige organisasjonar.  Sjølv om opplegget med støtteordningar for slikt arbeid ikkje er klare enno, så var det stor entusiasme for å være med og ta del i hjelpearbeidet. Kommunen har og eit stort behov for bustad for flyktningane – sjølve har kommunen rundt 20 bustader, men dei har behov for bustader for eit 60-tals personar i første omgang. 

Surnadal kommune er i gang med arbeidet med å tilpasse heimesidene til det komande flyktningemottaket.  Her oppfordrar dei lag, organisasjonar og privatpersonar om å registrere seg og legge inn informasjon om kva dei kan hjepe til med og korleis dei kan bidra.

 

 

 

Publisert: 29. mars 2022, 08:32