Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen historielag: – 2 årsmøter i ett!

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2022

Todalen historielag slo to fluer i ein smekk og avvikla årsmøter i eitt – både for året 2020 som var det store koronaåret og for 2021.  Sjølv om det har vore mykje restriksjonar har det faktisk vore bra aktivitet i historielag, der årsskrifta har kome som planlagt, men det har nok vore begrensningar i arrangement, der folk brukar å treffast.

John Moe er leiar i Todalen historielag – heile styret tok gjenval under årsmøtet val. Foto Jon Olav Ørsal

Todaleingane har stor interesse for historia si, og i ei bygd med 300 innbyggarar er det nok mesta over evne at historielaget har 196 betalande medlemar. Forklaringa ligg nok i at det er ein del utflytta todalingar som betaler for medlemskap i historielaget.  Dei to siste åra har laget gått på eit lite underskot, men det er ingen fare for økonomien, da laget har ein solid økonomi. Difor gjorde laget vedtak om å halde kontingenten uendra for neste år og. 

Årsskriftet er inkludert i medlemskapet, men i tillegg selges det ein god del hefter til andre interesserte lesarar, og i tillegg er det nok ei populær gåve å få under juletreet.  Arsskriftet blir trykt i 500 eksemplarer kvart år, og for 2021 kom årsskrift nr 20, slik at det var grunnlag for eit lite jubileum. 

Gammelt bilde frå Todalsøra – Historielagt har skanna mange gamle bilde og i år er dei gamle nausta tema. Foto Jon Olav Ørsal

På årsmøtet var det planlagt aktivitetar som skal skje utover året – i tillegg til nytt årsskrift blir det igjen arrangert kulturvandringar, og det planlegges busstur som skal gå til Rindal denne gongen. Som underhaldningsbidrag viste Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset lysbilder av gamle bilder som laget har skanna i sitt arkiv – tema denne gongen var gamle naust, og det engasjert publikum. Årsmøtet vart runda av med god gammeldags kveldsmat til heile gjengen.

Åse V. Redalen og Sissel H. Storslett hadde sørga for kveldsmat for heile gjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mars 2022, 21:31