Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Podeverksted i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 31. mars 2022

Etter to års pause på grunn av korona, kan endeleg Svinviks arboret igjen invitere til podeverksted. Dette skjer laurdag 9. april klokka 12:00 i Svinviks arboret. Det er poding av frukttre som står på programmet, og arboretet inviterer difor alle til å bli med for å lære om podekunsten. 

Oppmøte er altså i Svinviks arboret laurdag 9. april klokka 12:00. 

Ta med eiga hagesaks (liten type) og podekniv, dersom du har dette. Arboretet har nokre knivar, men ikkje nok til alle. Ta også gjerne med eigne podekvistar, dersom du har eit tre som du ønsker å pode. Arboretet har grunnstammar til eple, plommer og kirsebær til sals, forutan nokre podekvistar. 

Podinge går føre seg utomhus. Det er ikkje nødvendig med førehandspåmelding, men du kan gjerne melde interesse via arboretet si «Svinviks arboret på Facebook»

Billettpris: 150,- kroner per person
Grunnstamme: 120,- kroner per stk.
Kaffe og kake inkludert i prisen.

Svinviks arboret ønsker alle velkommen på podeverksted!

Publisert: 31. mars 2022, 15:00