Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Livet vart forandra, men kvardagen fungerer

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2022

Onsdag kveld var Ole Kristian Stokke invitert til å halde foredrag for Surnadal Demensforening og helselag.  Ole Kristian er gammel avismann i Tidens Krav – det meste av tida som journalist men ein periode var han og redaktør.  Stokke kom til Surnadal for å fortelje om kona si, Guro, som fikk diagnosen Altsheimer for 11 år sia.  Guro og Ole Kristian har heile tida vore opne om diagnosen til Guru, og har ikkje angra på at dei bestemte seg for det. 

Da ho fekk diagnosen informerte dei familie, slekt og venner, og andre om sjukdomen, og fekk mykje gode tilbakemelding på det. Som sagt så bur Guro heime enno, og dei to får stort sett kvardagen til å funger bra.  Sjølvsagt må det gjerast tilpassingar, og så må vi ta hensyn til at alt tek meir tid.

Styrebordet – frå venstre Borghild H. Kvande, Liv Botten, Åshild Settemsdal, Ole Krisan Stokke, Oddveig A. Resell og Eva Heggset. Foto Jon Olav Ørsal

Guro voks opp på Todalsøra – nærare bestemt i Innerbaugen, med far Lars og mor Eline Almhjell Halle. Familien var kulturinteressert, og det har prega både barndommen og det vaksne livet til Guro som hadde sitt deglege virke i Posten i Kristiansund.  Det var vel kanskje naturleg å velge den yrkesvegen, ett som faren Lars Halle var postopnar i Todalen.

Kvardagen går mykje på huslege sysler i heimen, og her har dei kvar sine oppgåver som funger bra, sjølv om det etter kvart tek litt lengre tid.  Guro dekker frukostbordet, og setter frukostkoppane i oppvaskmaskina etterpå, medan Ole Kristian er ansvarleg for middagen.  Klesvasken tar ho og – og sorterer kleda etterpå – men sjølvsagt tek det tid.
Dei er og dyktige til å trimme, og Ole Kristian understrekar kor viktig det er å halde seg i form.  Ole Kristian er 85 år, og er uforskamma sprek etter alderen – noko han altså tilskriv dei daglege trimturane. Tre dagar i veka, måndag, onsdag og fredag er Guro på Rokilde slik at Ole kristian kan bruke dei dagane på seg sjølv.

Rundt kaffebordet – frå venstre Tor Magne Halset, Kari Vang, Ken Marius Pedersen, Ingrid Pedersen og Laila Halset Ulvestad.

Det finnes ikkje medisin som kan helbrede demenssjukdom, men Guro får medisin som kan sette forsinke utviklinga litt. Kor langt tidsforløp slik sjukdom kan ha varierer mykje – og det er nok litt uvanleg at det går så lang tid som med Guro.  For å visualisere korleis utviklinga er så samanlikna Ole kristian sjukdomsforløpet med ei tropp som du går nedover.  Han trur at Guro no er kome 2/3 ned i den troppa og har 1/3 att.  Ein merkar at det etter kvart blir mindre prat mellom oss.

Ole kristian har dårleg tru på digitale velferdsteknologi i demensomsorga – det er alt for vanskeleg og pasientane fårstår ikke bodskapet og forstår ikke korfor dei får ei muntleg beskje frå ein iPad eller liknande – men kanskje neste generasjon som er meir vant med slike hjelpemiddel kan ha nytte av dei?
Ein ting som fungerer bra er samtalegruppa som vi deltek i – her kjem vi saman med likemenn og får begge diskutere og utveksle erfaringar på kvar vår måte og så er det og godt å treffe andre innimellom, slik at det ikkje berre blir oss to gjennom heile dagen. Vi prøver i alle fall å være positive i kvardagen og gjøre det beste ut av situasjonen.
Takk til Ole Kristian for ei gripande forteljing – til ettertanke for ein og kvar!

Rundt kaffebordet 2 – frå venstre Jörg Brunke, Ingebord Holten, Sissel Gravvold, Åse R. Holten, Tove Ø. Sæter og Ingebrigt Grimsmo. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebrodet 3 – frå venstre Kari Marie Sæter, Jorunn Bævre og Anny Wigum. Foto Jon Olav Ørsal

 

Surnadal demensforening og helselag er medlem i Todalen.no 

 

 

Publisert: 31. mars 2022, 07:15