Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 25. november klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Etterpå blir det kaffe og sosialt samvær for den som vil.
Les heile saka
Fredag 26. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød.
Les heile saka
Nordvik Grendalag fekk god respons på sin digitale basar. Totalt vart det selde grendalaget 650 lodd. I dag var det trekning i den digitale basaren, og alle gevinstane vil bli delt ut til vinnarane. Styret i Nordvik Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd og støtta grendalaget. Trekningslista ser du nedanfor: eller her som pdf-fil: […]
Les heile saka
Smitteutbrotet i Midtigrenda barnehage med forgreining til Surnadal barne- og ungdomsskule. Tre nærkontaktar til ein smitta person i Midtigrenda barnehage har i kveld, som forventa, fått bekrefta smitte med positivt svar på PCR-test.
Les heile saka
I dag var det haustfest i Start 4H i Todalen ungdomshus. Her hadde medlemmene laga utstilling for å vise fram prosjekta dei har jobba med det siste året. Utillinga er ein viktig del av sjølve prosjektet, og noko dommarane tek med i si totalvurdering under bedømminga av oppgåvene.
Les heile saka
I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi statusoppdatering på koronasituasjonen i Surnadla kommune akkurat no. Over helga kan vi starte ei ny arbeidsveke med betre oversikt og kontroll på smittesituasjonen som oppstod. Det har vore hektisk smittesporing og stor testaktivitet med mange berørte i alle aldrar. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at samtlege per i dag har milde symptom og at dei fleste smitta er vaksinerte.
Les heile saka
Bernt Bøe har sendt oss ein e-post der han fortel at «Gamle Nordmør» no er i kjømda. Det er Bøfjorden Historielag som gjev ut «Gamle Nordmør», som i år kjem ut for 10. gong og er på 88 sider. Boka inneheld variert lesnad, og har historiske tilbakeblikk frå fleire plassar, mellom anna frå Todalen.
Les heile saka
Fredag kveld var tida komen for premiere på revyen «Heittgjort» – boka med same namn var alt lansert for ei vekes tid sia og i tillegg serverte Surnadal bygdekvinnelag smaksprøvar på heittgjort på stusse til publikum i pausen.
Les heile saka
For aller første gong i historia skal det i år arrangerast julebord på Todalshytta. Takka være litt tetting og isolering, og ikkje minst to store varmepumper og oppgraderte vedovnar så er det faktisk gjort muleg å arrangere julebord eller juleselskap på Todalshytta i år. Arve Evensen som er vert på Todalshytta fortel at dei bevisst har tøyd ut sesongen i år, og det har vore vellukka både med hensyn til oppvarming og drift av kjøkkenet
Les heile saka
Laurdag 20. november klokka 13:00 inviterer Start 4H til hustfest i Todalen ungdomshus. Her har medlemmene i klubben utstilling som viser kva prosjekt dei har arbeidd med det siste året. Det blir sal av bakels med graut, kaker og kaffe.
Les heile saka
Den tillyste basaren i Nordvik Forsamlingshus blir digistal – med loddsal via Vipps nr 98505. Det er koronasituasjonen som gjer at den fysiske basaren blir avlyst og endra til eit digitalt arrangement. – Dermed kan loddsalet pr Vipps 98505 foregå heilt til kl 15.00 på søndag 21. november.
Les heile saka
Som eit direkte resultat av at det er stigande smittetrend i Surnadal kommunen, vart det i dag gjort lokalt vedtak om smittekarantene og forlenga isolasjonstid. Smitten skjer på tvers av alder og vaksinasjonsstatus. Kommuneoverlegen si vurdering er at vidaresmitte til husstandsmedlemmar som igjen smittar andre utanfor husstanden, er det som driv pandemien vidare lokalt. Vedtaket gjeld frå i dag (18.11.) klokka 16:00 til torsdag 25. november klokka 12:00.
Les heile saka