Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Køvertur i godver!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 31. mai 2022

Endeleg vart det sol, varme og Kløvertur i godver. Siste måndagen i mai gjekk turen frå Svinvika og oppover Gammelvegen til Kammen; ei riktig så fin turrute.

Etter bratte motbakkar var det tid for pause attmed bordet på Kammen. Etter pausen delte turgruppa seg, der somme tok turen opp om Hjellnesgardane, andre gjekk innover mot Snøya og dei fleste vandra ned til Svinvika.

Klare til start! Frå venstre: Synnøve, Åse Johanne, Liv Jorunn, Karen Johanne, Helen, Arndis og Marit. Dordi Jorunn fremst. Foto: Dordi J H

Ein god dag for trim og sosialt samvær.

Neste Kløvertur blir måndag 13. juni.

Kjøle grønt og frodig i Gammelvegen! Foto: Dordi J H

Publisert: 31. mai 2022, 11:39