Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trossa lyn og torden på Hjertemarsj

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mai 2022

Vêrgudane spela slett ikkje på lag med Surnadal demensforening og helselag da dei arrangerte hjertemarsj i Toåa turstitysdag kveld.   Eit kvarter før marsjen starta kom regnet og om litt så sette det i gang med lyn og torevêr utan like – og regnet varte ved heilt til marsjen var ferdig og premieutdelinga var i mål.

Elinor Bolme og Ingri Bruset nytta høvet til å steple inn på StikkUT i turstien. Foto Jon Olav Ørsal

Når ein tek vêret i betrakning så må ein faktisk være nøgd med eit stort trettitals deltakarar, og vi som var der stillte med godt humør og gjorde ein flott innsats i kveldens hjertequiz, som var hengt ut på vegen rundt i turstien. I båthølen var det godt å kome under tak for regnet, og her var det servert kaffe, bakels og andre forfriskningar.  

Leiar i Surnadal demensforening og helselag var godt nøgd med arrangementet og var raus med premiar til deltakarane på hjertemarsjen  – rett og slett imponert over at det var s+å mange som kom og vart med.  Liv håpar at fleire vil bli medlem i  foreninga, og delte ut vervemateriell og orienterte om det viktige arbeidet som blir lagt ned lokalt.  Dersom nokon vil støtte arbeidet så kan det gjerast på Vipps nr 709094.  

Liv Botten hadde fasiten og sørga for at deltakarane fekk poeng som tortjent. Foto Jon Olav Ørsal

Og Liv Jorunn vann seg fin turkopp for innsatsen! Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. mai 2022, 19:08