Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: – Hjertemarsj i Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mai 2022

Tysdag 31. mai står Surnadal demensforening og helselag som arrangør av årets hjertemarsj i Toåa tursti.  Vi er litt forsinka i forhold til det nasjonalforeningens tidsrom for hjarteveka, men det har ikkje noko å seie, seier leiar i foreninga Liv Botten. Tysdag kveld er vi klare til å køyre i gang, og da blir det stor aktivitet i turstien, sier Botten.

Først og fremst blir det bakels og kaffe – sjølvsagt heilt gratis.  I tillegg legg vi opp til mange aktivitetar i turstien – HjerteQuiz, Turbingo og utdeling av pins til deltakarane så langt lageret rekk.

Det blir mange aktivitetar i turstien neste tysdag den 31. mai. Foto jon Olav Ørsal

Surnadal demensforening og helselag har rundt 150 medlemar frå heile kommunen. – No satsar vi på meir desentraliserte aktivitetar rundt omkring i kommunen, og difor arrangerer vi no hjartemarsj her i Todalen denne gongen, seier Botten , som saman med styret i foreninga var på inspeksjon i turstien forleden kveld.  Foreninga er forresten ei samanslutning av Surnadal demensforening og Surnadal Helselag som gjekk saman til Surnadal demsnsforening og helselag i 2003.

Du kan lese meir om Surnadal demensforening og helselag på FB-sida til foreninga.

Her kan du lese og laste ned plakaten for årets Hjartemarsj som går i Toåa tursti tysdag 31. mai kl 18   – slik finn du fram til Toåa tursti


Publisert: 31. mai 2022, 04:00