Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg klart for ny sesong på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2022

Endeleg er vi klare til å ta imot gjester i «kammerpike Edits Spiseri», seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.  – Dette har vi gledd oss til lenge no, og frå 1. juni er restauranten open for spisegjestar.  Det vil seie at restauranten er open onsdag til søndag.

Ein ny stor uteplass er klar til sesongen – her gjeld det å spele på lag med vêrgudane! Foto Jon Olav Ørsal

Måndag og tysdag held vi stengt i restauranten, da er det kun gjestar som overnattar på hytta som vil få servering. Opningstida for spisegjestar er 12 – 19 på onsdagar og torsdagar, medan det blir ope ein time lenger på fredag og laurdag 12 – 20 og fra 12 – 19 på søndagar.

No er det klart for bordbestilling på nettet – no er det berre å følge linken til BORDBESTILLING så kan du reservere bord.  Obs er dere fleire enn 6 personar legg du berre inn to reservasjonar.

Det er stil over den 120 år gamle Todalshytta – bygd av Lort Phillips i 1901. Foto Jon Olav Ørsal

Evensen fortel vidare at restauranten køyrer a la carte med litt endringar på menyen frå i fjor – i tillegg vil vi rømmegraut og spekemat fast på menyen på laurdagar og vi vil også ha «dagens rett» på menyen ofte.  Heimebaka brød, focaccia og kaker er sjølvsagt, og vi vil også ha nokre spesielle dessertar av og til, seier han.

Som sagt så gleder vi oss til å opne dørene for ein ny sesong, og håpar at lokalbefolkninga er like flinke som tidlegare år til å stikke innom oss for ein matbit.

–  Vi har forresten bruka tida før ses0ngopninga til å vidareføre opprustinga av Todalshytta, og kan mellom anna ønske velkomen til ein stor ny uteplass når vêret viser oss godsida, seier Evensen til slutt.

Årets meny er klar – her finns det noko for ein kvar smak.       Foto Todalshytta

Først publisert: 2. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 1. juni 2022, 19:38