Surnadal kommune melder:
Denne veka blir det oppstart med vaksinen frå AstraZeneca til gruppe 5, i tillegg til dei som skal ha dose 2 med Pfizer – BioNTech.
Les heile sakaSurnadal kommune melder:
Denne veka blir det oppstart med vaksinen frå AstraZeneca til gruppe 5, i tillegg til dei som skal ha dose 2 med Pfizer – BioNTech.
Les heile sakaStåle Ansnes i Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg fortel at det no er nypreparerte løypetrasear i lysløypa på Tjønnmyra. Det er meldt meir snø utover ettermiddagen og kvelden, og driftsstyret vil preparere løypetraseane fortløpande framover.
Les heile sakaLaurdag 20. og søndag 21. mars står Trollheimen fjellsportklubb som arrangør av Kårvatn Skimo 2021, der Norgescupen er ein del av arrangementet. Årets arrangement er det 10. i rekkja, der Norgescupen har vore ein del av arrangementet. Etter snøfallet siste helg er det fine tilhøve i Dalalia for å arrangere årets Skimo Kårvatn 2021.
Les heile sakaLaurdag 20.mars mellom klokka 12:00 – 16:00 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) Skiskytingas Dag på Gravvold i Bæverfjord. INF vil i samband med arrangementet ha eit introduksjonskurs for nybyrjarar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 8. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaDet vart ein ny god dag for todalingen Erik Kårvatn, som har delteke i VM i randoneé i Andorra. Laurdag var siste konkurransedag, da den individuelle konkurransen gikk av stabelen. Laurdag morgon var det ganske tett tåke i området, og det medførte at arrangøren måtte korte ned løpet og velge ein litt anna og nedkorta trasé. Dagens trase hadde berre rundt 780 høgdemeter og hadde ikkje innlagt nokon etappe med ski på sekk. Erik endte i laurdagens konkurranse på 12 plass, noko han er godt nøgd med.
Les heile sakaSiri Skjerve skal i perioden 25.mars – 25.april ha separatutstilling på Møre og Romsdal kunstsenter i Molde. Utstillinga har ho kalla «As We Evolve». Siri lagar skulpturar av tradisjonsgarva skinn som er bearbeidd til mellom anna feittgarva skinn, råhud og pelsskinn. At skinna er tradisjonsgarva inneber at dei ikkje er industrielt garva. Siri nyttar Jutulskinn i Vågå til garvinga av skinna ho brukar, og saumar skulpturar med voksa lintråd. Skinna i skulpturane til utstillinga i Molde, er stort sett frå lokale jaktlag i Todalen, og Siri vil nytte høvet til å takke jaktlaga for leveransane.
Les heile sakaMykje lokal nedbør og vind fører til auka snøskredfare i Trollheimen, melder NVE på si varslingsteneste Varsom.no. Laurdag er det meldt raudt farenivå for Trollheimen. Vær difor forsiktig i leområder og terrengformasjonar der vinden legg frå seg ustabile nysnøflak.
Les heile sakaFor 4-5 år sia budde og jobba Monica Moen Kvendset og ektemannen Jostein i Trondheim. Der trivdes dei godt, men klarte ikkje heilt å slå seg til ro. Heimlengselen vart etter kvart sterkare og sterkare og etter kvart begynte dei å sjå seg om etter ein plass på heimtraktane. Monica hadde vakse opp i eit bustadfelt i Surnadal, medan Jostein kom frå Kvanne/Stangvika. Det store ønsket var å få tak i ein gard, der dei kunne drive med forskjellig.
Les heile sakaI dag er det nøyaktig 79 år sia eit engelsk overvakingsfly, på oppdrag for å fotografere krigsskipet Tirpitz i Trondheimsfjorden, vart skote ned over Nordmarka. Flyet, eit Spitfirefly (med kallenamn AA180), krasja ikkje så langt frå Andersvatnet.
Les heile sakaTalgø Invest ønsker å engasjere seg i driften av Todalshytta. Talgø går inn i driftsselskapet Todalshytta AS med 40% eierandel, og ønsker med det å være en passiv eier, men vil være med å gjøre en oppgradering av hytta mulig. I disse dager pågår det ein storstilet dugnad, der veteraner fra KNT sørger for oppgradering av Kjøkken, soveromg og speisestue/dagligstue. Ifølge pressemeldingen vil det bli en ny giv ved Todalshytta som engasjerer seg bl.a. i laksefisket i Toåa.
Les heile sakaAnne Marie Rognskog og Sissel Halset Storslett har, i samband med kvinnedagen 8.mars, teke initiativ til ei Pop Up-utstilling i Finstua i Surnadal kulturhus 8.mars klokka 17:00 – 20:00. Tanken er å fylle Finstua med arbeider/kunstverk laga av kvinner i distriktet.
Les heile saka