Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen med godt resultat i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. april 2021

Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 17,6 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om. 

Les heile saka

Manuell dirigering i Svinviktunnelen.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. april 2021

På grunn av arbeid med lysarmaturene i Svinviktunnelen er det i dag mellom klokka 09:00 – 16:00 manuell dirigering av trafikken gjennom tunnelen. Utrykningskøyrety kan passere. Alle skal stoppe og vente på ledebil! Du bør difor rekne med litt lenger tid når du skal ut av bygda i dette tidsrommet. 

Les heile saka

DNA-analyse: Vassosjerven var ein vidfarann fant

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. april 2021

4. desember i 2020 vart det felt ein stor hannjerv ved Vassosen i Todalen.  Jervfallet vart sjølvsagt behørig dokumentert av SNO (Statens naturoppsyn) og det vart sendt inn DNA-prøve for analysering i direktoratet.  No er denne analysen klar, og vi har fått tilbakemelding frå Lars Olav Lund i SNO, med kart og info om tidlegare observasjonar. 

Les heile saka

Status koronavaksineringa veke 14 og 15

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. april 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen har vi fått oppdatert status for Covid19 vaksineringa i Surnadal kommune denne og neste veke. Surnadal kommune får denne veka og neste veke større forsyningar med koronavaksiner frå BioNTech/Pfizer. Kommunen oppfordrar alle som får SMS-innkalling om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no.

Les heile saka


Meisterdetektivane frå Bækkerhagan løyste årets påskekrim

Stig Husby Måndag 5. april 2021

Årets påskekrim på Todalen.no er ved vegs ende, og i år som tidligare kom det inn mange kreative forslag til kven som var skurk og fantstav.

I årets påskekrim var det store spørsmålet kven som har teke sjølvaste Innerdalsmerke-skiltet og brote seg inn i Ungdomshuset. Mellom anna.
Ifølge svara som vart sendt inn til redaksjonen, så mangla det ikkje på lokale personar som både hadde motiv og var i stand til å utføre ei slik ugjerning.

Les heile saka

«Gunnøydilten» vart ein suksess – og her er vinnarane!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. april 2021

Sjølv om vèrgudane ikkje akkurat har vore i godlune denne påska, så vart Trimruppa i Todalen Idrettslag sin «Gunnøydilten over fire dagar» ein stor sukksess, med totalt 285 registrerte deltakarar frå torsdag – søndag. I tillegg var det mange som tok den fine turen i Toåa tursti utan å registrere seg via QR-koden. Dei fleste tok turen på laurdag, og dette har nok direkte samanheng med vèret. Eit prisverdig tiltak frå Trimgruppa i ei påske, der nær alle andre arrangement var avlyst på grunn av koronaen. 

Les heile saka

Påskekrim 2021: siste del

Guro Redalen Måndag 5. april 2021

Påska 2021 nærmar seg slutten med god glid. Fleire sendte inn svar i løpet av gårdagen, så her kjem både løysing og vinnar av todalen.no. Epilog Styreleiar Husby klikka seg inn med lette tastetrykk. No skulle statistikken for påskeveka bli sjekka. Hadde forsøka hans med å skape litt blest og toppnyheiter fungert? Yes! Nøgd kunne […]

Les heile saka

Stor stas i fjøset på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Sundag 4. april 2021

Det er sagt at saulamminga er vårens vakraste eventyr, og jammen er det stor stas med nytt liv i fjøset.  I Oppistua på Hjellnes er ikkje saulamminga komen i gang enno, men derimot har det vorte mange kje å kose med.  Nils Erik tek oss med på omvisning i gammelfjøset dei dei 5 geitene av rasen kystgeit held hus, og der er det full rulle med eit tital geitkje som held aktiviteten i gang.  

Les heile saka

Digital høgtidsgudsteneste frå Øye kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. april 2021

Sjølv om alle gudstenester, med fysisk oppmøte, er avlyst denne påska, er det mogleg å få med seg lokale høgtidsgudstenester digitalt. I tillegg sender NRK gudstenester både på TV (NRK!) og i Radio (P1) no klokka 11:00.

Les heile saka

Påskekrim 2021: del 4

Guro Redalen Sundag 4. april 2021

Vi er ved del 4, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska. Hugs at det er eit krus i premiere. Ja ikkje til Karibien eller Miami, men eit meir korona og varm drikke-venleg eit merka […]

Les heile saka

Bandtvang for hund frå 1.april til og med 31.oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 3. april 2021

Frå torsdag 1.april til og med søndag 31.oktober er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1.apil – 20.august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang som inneber at bantvangen her i kommunen gjeld i perioden 1.april – 31.okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.    

Les heile saka