Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2021: siste del

Guro Redalen Måndag 5. april 2021

Påska 2021 nærmar seg slutten med god glid. Fleire sendte inn svar i løpet av gårdagen, så her kjem både løysing og vinnar av todalen.no.

Epilog

Styreleiar Husby klikka seg inn med lette tastetrykk. No skulle statistikken for påskeveka bli sjekka. Hadde forsøka hans med å skape litt blest og toppnyheiter fungert? Yes! Nøgd kunne han registrere at innlegget med «Skilt stjåle», «Skilt funne» og «Til Inderdal med spik og swix» hadde fått folk til å klikke nesten i vinkel inn på todalen.no heile påskeveka. Hadde ikkje han skjønt kanskje at å kople saman to tidlegare populære nyheitsaker frå todalen.no så vart det suksess? Det var enkel matematikk. Rett nok hadde han enno vassblemmer frå kampen med å få laust skiltet og bryte opp døra i Ungdomshuset, men litt måtte ein ofre som styreleiar. Han klappa igjen pc-en og var alt i gang med å planlegge neste stunt.

Frå Ørsallia blinka morsesignalet for slutt. Og det er vist påska 2021 òg.

Og vinnaren er …
Fleire sendte inn  forslag til kven som sto bak mysteriet, men berre ein hadde rett svar med at det var Styreleiar Husby som sto bak for å få opp antal saker og lesartala på todalen.no i ei tid då det meste er avlyst. Den som hadde rett svar var Stig Husby som òg tilfeldigvis er styreleiar i todalen.no …

Det var òg han som skulle gi bort premien, så etter å ha konferert med vinnaren så går todalen.no-koppen med innhald til dei som var nærast løysinga nemleg: Ådne, Selma, Siri og Anders Gjeldnes. Dei skreiv blant anna at dei trudde at det var Styreleiar Husby som sterte opp Fjesbokvarslar Moe til å stele skiltet, og at slik fekk todalen.no ei spanande sak. Kanskje blir det ei ny toppsak av overleveringa av premien òg? Det vil i alle fall skje ved første høve. Gratulerer!

Av andre forslag kan det nemnast at Tursti Bolme hadde vekt mistankten til fleire, særleg blir det fremheva at ho kunne ha som motiv å ta skiltet til Innerdalen fordi at ho ikkje vil at folk skal gå til Bjøråskaret men heller bruke turstien. Nokon meiner at Kløverturgjengen er truande til meir enn å gå trimturar. Medan andre påsto at dette heilt klart var ei sak planta av sørsidemafiaen som har ein plan om å endre den tradisjonsrike traseen opp til Bjøråskaret til å gå opp Øyalia.

Takk for alle innsendte bidrag! Kanskje kjem vi òg nærare kva eller kven som sender morsesignal neste år? Ja, så lenge ikkje forfattaren finn eit hestehovud i senga eller får eit anna tilbod det er vanskeleg å seie nei til da … 

 

 

Først publisert: 5. april 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 4. april 2021, 21:11