Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Gunnøydilten» vart ein suksess – og her er vinnarane!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. april 2021

Sjølv om vèrgudane ikkje akkurat har vore i godlune denne påska, så vart Trimruppa i Todalen Idrettslag sin «Gunnøydilten over fire dagar» ein stor suksess, med totalt 285 registrerte deltakarar frå torsdag – søndag. I tillegg var det mange som tok den fine turen i Toåa tursti utan å registrere seg via QR-koden. Dei fleste tok turen på laurdag, og dette har nok direkte samanheng med vèret. Eit prisverdig tiltak frå Trimgruppa i ei påske, der nær alle andre arrangement var avlyst på grunn av koronaen. 

Trimgruppa er, med rette, godt nøgd med deltakinga, spesielt med tanke på at vèret har vore så som så dei fire dagane «Gunnøydilten» hadde registrering av deltakarar. Dette er garantert noko som vil bli vidareført seinare seier Trimgruppa i ein kommentar. 

Trimgruppa har trekt ut 16 deltakarar som kvar får ein fin premie. 

Vinnarane er:

  • Todalen IL Drikkeflaske: 19 Jorunn Hals Ørsal
  • Todalen IL Drikkeflaske: 180 Brit Grønmyr
  • Todalen IL Drikkeflaske: 62 Anna Maria Gielzakowska
  • Todalen.no kopp proppfull med godt: 78 Mari Flyum
  • Todalen.no sitjeunderlag: 54 Ragnhild Ansnes Moe
  • Todalen.no sitjeunderlag: 87 Britt Mossing
  • Todalen.no sitjeunderlag: 178 Karin Åsbø
  • Blomster frå Hageland: 26 Bjørn Redalen
  • Blomster frå Hageland: 18 Jorunn Nordvik
  • Blomster frå Hageland: 27 Siri Sylte Heggset
  • Blomster frå Hageland: 61 Monika Klungervik
  • Te-pakke frå Hageland: 70 Sondre Halset
  • Te-pakke frå Hageland: 111 Kari Kvendset
  • Solo og påskeegg frå Matkroken: 176 Markus Bolme
  • Kaffe, sjokolade og påskelys frå Matkroken: 98 Torkjel A Moe
  • Ansiktskrem frå Matkroken: 43 Dordi Husby Fedje
(Trekninga er basert på hovudregistreringa av QR-koden).

Trimgruppa takkar alle sponsorar for fine premiar! Dei heldige vinnarane vil få premiane i løpet av kort tid.  

Gapahuken i Gunnøya, ein sommardag! Foto: Arkiv.

Til slutt vil Trimgruppa oppmode folk om å registrere seg i den «vanlege» trimpostboka som ligg i kassen i gapahuken ved Gunnøya, når dei går tur i Toåa tursti. God Tur!

Nedanfor kan du sjå bilete frå «Gunnøydilten over fire dagar» laurdag og søndag. Ved å trykke på lenka: «Gunnøydilten over fire dagar» godt i gang kan du lese vår reportasje frå fredag der du kan sjå bilete frå torsdag og fredag. 

 

Publisert: 5. april 2021, 12:56