Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2021: del 4

Guro Redalen Sundag 4. april 2021

Vi er ved del 4, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska. Hugs at det er eit krus i premiere. Ja ikkje til Karibien eller Miami, men eit meir korona og varm drikke-venleg eit merka med todalen.no.

Dette har hendt: Nok eit år er det sørsida som står for underhaldninga. Og vi kan vel berre slå fast at kvardagen hadde vore meir grå utan bidrag frå den sida av bygda. Nok om det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykju på om svulu eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil.

Skiltet! Har du sett (mest truleg ikkje …), der låg sjølvaste Innerdalsmerke-skiltet og skein for seg sjølv og Husstyrar Moe som var tilstade. Lettare skada etter det som kunne tyde på at skiltet hadde vore bruka som innbrotsverkty. Kva gjorde han no? Han ropte ned til trioen og sendte melding til todalen.no sin kjappaste skribent og ba han møte tvert. Tanken på å kople på politi og andre offisielle styresmakter var ikkje fremst i pannebrasken. Nei her var det viktig å toppe laget og kjapt få skiltet på plass slik at skifolket fann vegen igjen, og ikkje måtte snu i utide.

På Todalen tursti summa samtalen om skiltet som no var funne. Tursti Bolme kjente det rykka litt i redaktørfoten som ho sist år hadde lagt på hylla medan formen var på topp. For det seier jo ikkje så lite at ho måtte bli erstatta av tre nye redaktørar … Nesten på nivå med at Kjerringdilten vart erstatta med ein firedagars dilt ved elva. Tursti Bolme hadde forresten høyrt ein teori om at oppstarttrøbbel med nyfergja Stangvikfjord på rute 46 Kvanne – Rykkjem ga mistenkeleg mange saker til todalen.no og at det neppe berre kunne vere innstilt på grunn av dårleg vêr eller tekniske problem så ofte … Noko ho måtte seie seg einig i. Kor vanskeleg var det eigentleg å ta seg blinkande over fjorden i laber fjordbris? Dette skulle ho ta opp med Styrmann Talgø neste gong ho såg han. Ho helsa hei til Mann med Skjegg som gjorde eit forsøk på å jogge slalåm mellom kohortane.

Overredaktør Ørsal var på plass for å dokumentere at skiltet «Til Inderdal» vart satt på plass igjen. Han pønska alt på tittelen på innlegget. Tidlegare hadde han gitt lesarane klassikarar som: Trefall i Brusetmelan – utan dramatikk, Pro-pro mille, dette kan gå deg ille …, Svartlista rynkeroser lever farleg, Skikkelege grufser som saknar tiltak, Lite rype men triveleg lell, Ein gjeng med rivjarn møtte på dugnad, Her kom det jammen ei hesje, Ekstremveret vart ikkje så ekstremt, Balsampopel på kyrkjebakken o.s.b. … Hm. Kva med: Møre Roylal is the new toill? Nei, skiltet var jo laga av spikmateriale, eller al, altså feit furuved. Til Inderdal med spik og swix? Ja, det kunne passe. Han knipsa eit par kjappe foto av gjengen medan dei baksta skiltet på plass. Her var det ikkje tid til eit oppstilt gruppefoto. Det fekk Kløverturgjengen ta seg av.

At skiltet var på plass igjen er jo vel og bra. Men kven kunne ha interesse av å stele det? Og kvifor låg det i Ungdomshuset? Trur du at du veit svaret så send gjerne inn eit forslag til red@todalen.no innan kl 22.00 i kveld (søndag 4. april). Premien er ein todalen.no-kopp fylt med påskegodt (påska varer jo som kjent til pinse)

 

Først publisert: 4. april 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 3. april 2021, 20:21