No kan du sjølv melde frå til Surnadal kommune om eventuelle positive hurtigtestar på nett. Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til slik registrering. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.
Les heile saka
Endelig er foto- og filmbanken til VISIT NORDVEST klar for premiere og til å tas i bruk. Formålet med fotobanken er å fremme nasjonal og internasjonal markedsføring av Nordmøre- og Romsdal som reisemål. Mediebanken inneholder rundt 900 foto- og filmfiler fra alle de 11 medlemskommunene i Nordmøre og Romsdal, samt hovedattraksjonene i Nordvest.
Les heile saka
Måndag starta arbeidet med reparasjon av Haukåbrua. Haukåbrua vart bygd på slutten av 1950-talet, og no er tida komen for litt omfattande vedlikahald. Brus skal no få nytt rekkverk, samtidig som det skal utførast reparasjon på sjølve brua, som har vridd seg litt. Dermed er det behov for å jekke opp brua og skifte til nye lager på den over 60 år gamle brua som vart bygd etter at gammelbrua reiste med flaumen på slutten av 50-talet.
Les heile saka
Rekordtidleg start med balldag på Todalshytta i år! Tysdag 1. februar inviteres det til en balldag full av mulegheiter – for det første kan du kan velge om du vil ha sildball eller potetball! Og ikkje nok med det, du kan også velge om du vil spise i restauranten på Todalshytta – eller om du vil ta middagen med deg heim – «takeaway» på godt norsk. Det blir servering i tidsrommet kl 15.00 til 18.30.
Les heile saka
Tysdag 25. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte måndag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.
Les heile saka
Todalen Idrettslag minner om volleyball i morgon kveld i gymsalen på Todalen skule klokka 20:00. Det er felles garderobe og ikkje høve til å dusje etter volleyballen. Oda Halle i Todalen Idrettslag håper mange møter opp og blir med på volleyball!
Les heile saka
I dag var det eit ekstraordinært Formannskapsmøte i Surnadal kommune, for å diskutere vidare lokal forskrift for smitteverntiltak. Kommuneoverlege Bjørn Buan ville gå lengre enn politikarane og ville forlenge forskrifta til godt ut i februar, men Formannskapet vedtok til slutt samrøystes førebels å forlenge den lokale forskrifta berre ut januar. Dette inneber at barnehagar og skular framleis vil vere på gult beredskapsnivå, noko som inneber at elevane må ta hurtigtest kvar veke. Surnadal vidaregåande skule er flytta over på grønt beredskapsnivå.
Les heile saka
Torsdag 27. januar kokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.
Les heile saka
Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte måndag 28. februar klokka 19:30 i klubbhuset på Søyabanen. Dei inviterer alle sine medlemmer til årsmøtet i idrettslaget.
Les heile saka
FHI har laga nye retningsliner med tanke på vaksinering av barn 5-11 år og for dose 2 til ungdom 12 – 15 år . Disse er lagt ut på kommunens nettsider, og vi har henta inn informasjon derfra som vi legg ut som aktuell informasjon til lesarane
Les heile saka
Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 – 16.00. Dette opplyser Surnadal kommune i ei pressemelding no i ettermiddag. Det ligg også informasjon om dette på Surnadal kommune si heimeside: surnadal.kommune.no
Les heile saka