Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin fiskarelv og fine forhold i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. juli 2022

Etter fleire dagar med mykje nedbør er vassføringa no på tur ned igjen i Toåa.  Torsdag var vassføringa over 32 m3/sek ved NVEs målestasjon, men var i går kl 17 kome ned på 20-talen – og har fortsett å gå ned etter siste måling som var onsdag kl 17.  Den siste veka er det teke eit 10-tals laksar i Toåa, medan ein no ventar at det blir bra aktivitet i elva i dagane framover.

Statur for laksefisket i Toåa er i skrivande stund 54 laksar på tilsaman 223 kg.  I gjennomsnitt blir det ei vekt på 4,1 kg. Tilsaman er 44,4 såkalla CR-laks som altså er sett ut igjen.  Statistikken fortel også at det er 16 av laksane som er under 3 kg, medan 32 laksar er mellom 3 og 7 kg, og av storlaks – over 7 kg – er det teke på land 3 stk så langt.  Statistikken fortel også at det er flest laks som er teke på flue – 37 stk, medan mark har frista 11 laksar på kroken.  Øvrige er 8 på spinner, 7 på sluk og 1 på wobbler, fortel statistikken på Elveguidens laksebørs. 

«Ethelbert» som står på «stake» ved brusetbrua. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Resultatmessig er fjorårets sesong passert – i heile sesongen vart det da teke 45 laksar på tilsaman 193,5 kg – med eit snitt på 4,3 kg.  I 2021 var det lita vassføring som var problemet, der vårløysinga var unnagjort før fisket starta den 15. juni.  I år har det ogvore dårleg fiske så langt i sesongen – i år har snøsmeltinga gått tregt, og det har vore unormal kald elv – med temperaturar ned mot 5-6 grader i vatnet, medan det ideelle er rundt 9-10 grader for fisket sin del. 

Publisert: 28. juli 2022, 08:13