Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endringar på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. august 2022

Tysdag 2. august blir det montert elektronisk dørlås på Hett & Svett. Dette inneber at ein, frå og med torsdag 4. august, må ha kodebrikke for å kunne trene på Hett & Svett. Alle medlemmer i Todalen Idrettslag, over 16 år, og som ønsker å nytte seg av treningstilbodet på Hett & Svett, må difor ordne seg med kodebrikke. 

Kodebrikkar vil bli delt ut på Hett & Svett tysdag 2. august i tidsrommet 15:00 – 16:00. Idrettslaget oppmodar ALLE som vil ha kodebrikkar, for å kunne trene på Hett & Svett, om å møte opp i dette tidsrommet. Den som ikkje har høve til å hente kodebrikke da, kan ta kontakt med Elinor Bolme på telefon: 901 96 268. Kodebrikkane er gratis for medlemmane i Todalen Idrettslag. Dei som ikkje nyttar seg av tilbodet, treng sjølvsagt ikkje kodebrikke. 

Meir informasjon om bruken av kodebrikkane vil du få ved oppmøte tysdag 2. august.   

Publisert: 1. august 2022, 17:02