Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Glad for å bli invitert som festivalkunstnar

Jon Olav Ørsal Fredag 29. juli 2022

Siri Skjerve frå Todalen er årets festivalkunstnar for Stangvikfestivalen, og fredag kveld kl 20.30 opnar utstillinga i Galleriet i Bondehuset i Stangvik.  Eg er veldig glad for at eg fekk denne sjansen til min første separatutstilling på «heimebane», seier Siri, som legg til at ho her får markert seg både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Brit Dyrnes som er kunstnarisk ansvarleg for Stangvikfestivalen seier at det i år var heilt klart at det var Siris tur til å bli festivalkunstnar.  – Vi har i år bruka alle kunstnarar og artistar frå 62. – 63. breiddegrad, og da vart det heilt naturleg med Siri.

Siri sine kunstverk er banebrytande – det er ingen som tidlegare har bruka skinn som kunstnerisk materieale i vesentleg grad. Foto Jon Olav Ørsal

Brit legg til at Siri er ein eigenarta kunstnar, som jobbar med materialar som mesta ingen andre jobbar med – iallfall ikkje i noko stort omfang. – Kunsten til Siri er rett og slett grensesprengande både i form og format.  Vi kjenner mange som jobbar med skinn og hud som handverk, men mesta ingen som jobbar med slike materialar i kunstens verden.

Siri fortel at ho er oppteken av korleis vi forheld oss til naturen og ho fortel vidare  at mykje av materialane ho brukar er henta frå naturen i Todalen – mellom anna er dei fleste hjortskinna kome derifrå og ho røpa at ho også brukar menneskehår i kunstverka sine – mellom anna for å understrek samkvemmet mellom folk og dyr i naturen.

Laurdag skal forresten Siri Skjerve og Sanna Svedestedt Carboo ha kunstnarsamtale i Galleriet kl 17, der dei mellom anna vil reflektere over bruken av skinn som kunstnarisk materiale.

Det er i hovudsak hjortskinn frå Todalen som er bruka i kunstverka til Siri. Foto Jon Olav Ørsal

Både Siri og Brit er forresten aktive i kunstnarmiljøet i Midt-Noreg – dei har begge vore leiarar for Norske kunsthandverkarar i Midt-Noreg og Siri er i dag nestleiar på nasjonalt plan i organisasjonen. -Vi har jobba med saker som har framheva faget vårt, og jobba for å understreke det materialfaglege i kunsten. 

No håpar dei at det blir bra deltaking på opninga av utstillinga i Galleriet i Bondehuset i kveld kl 20.30 – arrangementet er sjølvsagt gratis. 

Bildegalleri frå utstillingane i galleriet i Bondehuset  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juli 2022, 14:01