Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2022: løysinga

Guro Redalen Måndag 18. april 2022

Nok ei påske er på hell, og nok ein påskekrim er kome til løysinga. Er du klar for å finne ut kva mysteriet på Haukåbrua var? «Haukåbrua – den raude fare?» Nei … Overredaktør Ørsal stirra ut i lufta. Kva med: «If you going til Ørsalbokta?» Nei. Ein kunne seie mykje godt om Ørsalbokta men […]

Les heile saka

Friluftsgudsteneste 2. påskedag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. april 2022

Måndag 18. mars (2. påskedag) klokka 12:00 inviterer Todalen Sokneråd til friluftsgudsteneste i og ved gapahuken på Tjønnmyra. Soknerådet oppfordrar alle til å ta med seg sitteunderlag, slik at det blir betre å sitte. Liturg er Cathrine Grutle og Bernt Bøe er organist.  

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. april 2022

Fredag 22. april, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst, knekkebrød og kaffebrød til helga. 

Les heile saka


Dugnad i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. april 2022

Styret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti onsdag 20. april klokka 17:30. Det er behov for å gruse opp deler av turstitraseen, som har fått litt medfart i løpet av vinteren, og det må sagast ned nokre tre langs traseen. Så ta med høveleg utstyr til slikt arbeid og bli med på dugnad!

Les heile saka

Fotballkamp på Bordholmen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 17. april 2022

Måndag 18. april (2. påskedag) klokka 15:00, blir det fotballkamp på Bordholmen stadion. Da spelar Søya sitt seniorlag treningskamp mot Valsøyfjord. Det blir open kiosk med sal av kaffe, brus, bakels med graut og sjokolade. 

Les heile saka

Påskekrim 2022: del 5

Guro Redalen Sundag 17. april 2022

Vi er ved del 5, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska.   Bordholmen. Denne flate flekken ved Toåa sitt utlaup. Ei grøn lunge mellom industribygg og tidlegare Samvirkelag. Åstaden for Todalshelg, Todalsdag, merketaking på […]

Les heile saka

Påskekrim 2022: del 4

Guro Redalen Laurdag 16. april 2022

4. del av påskekrimmen 2022, og nok eit år er det sørsida som står for underhaldninga. Og vi kan vel berre slå fast at kvardagen hadde vore meir grå utan bidrag frå den sida av bygda. Nok om det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle […]

Les heile saka

Storinnrykk på Kjerringdilten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 15. april 2022

I dag inviterte «skihyttegjengen» i Todalen Idrettslag til den tradisjonelle Kjerringdilten på Skihytta på sørfjellet, og nærare 80 personar nytta det fine påskevêret til å ta seg ein fjelltur. 35 av desse deltok på den tradisjonelle Kjerringdilten, og det er mange år sidan det har vore så mange deltakarar på rennet. Idealtida var i år sett til 20 minutt og 30 sekund, og Isak Drøpping vart nærast med berre 3 sekund frå idelatida. Han fekk dermed eit napp i vandrepokalen, og får ha den fram til neste års Kjerringdilt. Endre Talgø og Terje Nordvik, som var 4 og 5 sekund unna idealtida, fulgte på dei neste plassane.   

Les heile saka

Har du mista solbrillene dine

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 15. april 2022

Har du mista solbrillene dine i Øyalia i dag? Solbrillene er av typen RIGEL, har forstørring og har svart innfatning. Solbrillene vart funne på Skarvøymyra i Øyalia ved 16-tida i dag. Eigaren kan få dei att ved å ta kontakt med John Moe på telefon: 920 48 856.  

Les heile saka

Gunnøydilten: Artig med slik respons

Jon Olav Ørsal Fredag 15. april 2022

Det er artig når vi får slik respons på våre arrangement! Leiar i Todalen idrettslag, Elinor Bolme trur at nærare 200 personar deltok på Gunnøydilten som vart arrangert i Toåa tursti på langfredag. Det kom og gikk folk heile tida, så det er litt vanskeleg å anslå, men det er iallfall sikkert at det var mange som var innom «basen» som var ved gapahuken i Båthølen.

Les heile saka

Påskekrim 2022: del 3

Guro Redalen Fredag 15. april 2022

Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt kanelsnur-rapport frå Båthølen og meir oppdikta fakta ingen kunne tru at nokon kunne skrive eit spel om.   Brusetbrua er jo nesten som ei kjendisbru med tanke på Vangsgutane og tilknyttinga til Todalshytta. Ein av bygdas mest ettertrakta badestader med både bruhopp og […]

Les heile saka