Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dalalia: Tilbygg på plass i løpet av dagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. november 2022

Måndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag. 

Entreprenør og byggherre – Odd Magnar Gjeldnes frå Handlafter’n og Gudmund K. Kvendset. Dei to var godt nøgd med framdrifta i løpet av dagen. Foto Jon Olav Ørsal

Hytta er lafta saman i fabrikken i Øvre Surnadal, og vart frakta til byggeplassen i Dalalia på Kårvatn med kranbil.  Stokk for stokk vart hytta montert, og etter kvart er altså råbygget klart for innreiing.  Da vi dro derfrå var det klart for tekkjing av tilbygget.  

Todalstømmer i bygget
Odd Magnar fortel at det er bruka tømmer frå Talgø MøreTre/Ansnessaga i hytta.  Det er faktisk dei siste stokkane eg finn frå Ansnessaga som er bruka på denne hytta og vi ser at det er tømmer av høg kvalitet som er bruka.  Stokkane har ligge til tørk i fabrikken i Øvre Surnadal, men no er siste rest oppbruka, fortel Gjeldnes. 

Odd Magnar var stolt av tømmerkvaliteten i bygget – bruka siste rest av Todalstømmeret eg hadde liggande til tørking på fabrikken i Øvre Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

To blad Nordvik med eige byggefirma som heiter Nordhus AS – Eirik Nordvik og Kristoffer Nordvik sørger for at stokkane kjem på rett plass og skikkeleg montert. Foto Jon Olav Ørsal

Med god hjelp av kranbil kom stokkane på plass og vart montert – her er det klart for montering av troet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. november 2022, 06:46