Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar. Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar. Det blir enkel servering. […]
Les heile saka
Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte tysdag 28. februar kl. 19:30. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Tett i teten på årets første kåring av månadens bilete, men «Naturens kunstverk» og fotograf Hanne Waag er kåra til beste foto i januar.
Les heile saka
Dei to siste dagane, har vore av det vindfulle slaget. Da er det ikkje akkurat uteaktivitetar som freistar mest, så da er det bra Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan tilby balleik for barn og unge i gymsalen på Todalen skule.
Les heile saka
Tysdag kveld klokka 19:00 blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik kyrkje. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar da salmeboka i full breidde. Dette heiter det i ei pressemelding vi har fått i dag
Les heile saka
Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Les heile saka
Laurdag 11. februar, mellom klokka 11:00 – 15:00, inviterer Lia gard til «morsdagsutsal». Så da blir det mogleg å sikre seg nokre godbitar, for å overraske mor med på morsdagen søndag den 12! Førehandsbestiller innan torsdag 9. februar klokka 12:00.
Les heile saka
Torsdag 9. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Styret i Surnadal Jeger og Fiskerforening kallar inn til årsmøte torsdag 16. mars klokka 19:00 i skyttarhuset på Angråmyra skytebane. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av pizza, brus, kaffe og kake!
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka no på sein føremiddagen, blir vi informert om at Svorka Installasjon blir etablert og vil vere operativt frå 1. september i år. Dette skjer gjennom ei samanslåing av El-Co og Real Installasjon, to selskap Svorka har eig hundre prosent av sidan i fjor haust. Svorka Installasjon vil ha hovudkontor i Rindal, med avdelingskontor i Surnadal, Meldal og på Orkanger.
Les heile saka
Styret i Surnadal Arbeiderparti minner om sitt årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Tidlegare stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Tingvoll, deltek på årsmøtet som gjest.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Les heile saka