Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På rideleir med Stall Åsbø.

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juli 2023

Stall Åsbø, det er Silje Marie Otterlei Husby, som har starta med stalldrift heime på Åsbøen. Silje har fagbrev på hest, med læretid på Langedrag og har etterpå starta i det små med hestar og ridekurs. I sommar har ho teke skrittet og arrangerer to 3-dagers rideleirar. 

Høyt til hest på tur til Haltbakkan. Foto Stall Åsbø

Den eine rideleiren gjekk 3 dagar frå 11. – 13. juli, og hadde 5 deltakarar i alderen 7 til 11 år. Neste rideleir blir arrangert 24. – 27. juli, den har eit liknande opplegg som den første leiren og der er det enno ledige plassar, dersom det er nokon som har lyst.  Meir info inn du på FB-sida til Stall Åsbø

Hestane lika seg i fjøra – godt med litt avkjøling. Foto Stall Åsbø

Silje er godt nøgd med den første rideleiren og opplegget der – ho blir ivrig når ho fortel kva dei har halde på med.  Det var to rideøkter kvar dag, der det var fokus på å sitte balansert på hesten og ha full kontroll på tempo og retning. – Vi øvde oss på å følgje ridebanens vegar, og gjorde oppgåver som å ri over bommar på bakken, ri med en «lanse» frå ei tønne til ei anna, ri sikksakk og forskjellige mønster.

Dressurridning – øvelse gjer meister. Foto Stall Åsbø

Dette er viktige oppgåver for å lære å ha kontroll på hesten, og fine øvingar for å gjera hestane sterkare og mjukare i kroppen. Vi tråva også ein god del, og alle deltakarane jobba kjempebra. Den eine dagen reid vi på tur til Haltbakkan, der vi kunne nytte utsikten og finvêret, og den siste dagen drista vi oss til å ha ei lita oppvisning for foreldra.

Det var oså tid til litt kos – her er det grilling på gang. Foto Stall Åsbø

Men ein viktig jobb når ein har hest er å gjera reint og halde orden i stallen. – Kvar dag starta vi med å ha ut møkka frå boksane og passe på at vann og mat stod klar til kvelds.  Litt teori hadde vi også innimellom – her stod tema som fôring og vedlikehald av utstyr på dagsorden. 

Stell av hestar og utstyr er ein del av jobben med å ha hest. Foto Stall Åsbø

Publisert: 19. juli 2023, 06:00