Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarens store balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juli 2023

Komande tysdag, 25. juli, inviterer Todalshytta til balldag.  Tysdag har du altså sjansen til å teste ut ein nordmørsk tradisjonsrett på Todalshytta.  Da er det nemleg klart for sommarens store balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 19.

– Vi er no midt i sesongen, og kan rapportere om stor aktivitet, både på restauranten og med tanke på overnatting. Foto Jon Olav Ørsal

Kokken fortel at no er norske nypoteter kome så langt at dei er klare for «ballproduksjon» og når det gjelder saltkjøttbiten så er lammekjøttet salta og klart.  Ein bit med salta lammekjøtt er nemleg tilbhør til potetballen, medan tilbbehøret til sildballen er stekt bacon.  Som vanleg på Todalshytta så kan du velge fritt om du vil ha potetball eller sildball på denne balldagen. Bestill gjerne på SMS 92 99 75 50

Arve minner også om den ordinære restaurantmenyen som tilbys på «Kammerpike Ediths speiseri» – restauranten er open onsdag til søndag, med opningstid frå 14 til 20.  

Du kan velga potetball eller sildball. Til potetball er tilbehøret ein saltkjøttbit, ein pølsebit og litt bacon. Til sildball er tilbehøret bacon. Arkivfoto Todalshytta

Publisert: 22. juli 2023, 12:09