Tysdag 23. mai kl. 13:00 inviterer Todalen sanitetsforening alle «godt vaksne» todalingar til gratis lunsj og sosialt samvær i Sanitetshuset.
Les heile saka
Tysdag 23. mai kl. 13:00 inviterer Todalen sanitetsforening alle «godt vaksne» todalingar til gratis lunsj og sosialt samvær i Sanitetshuset.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 22. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDenne helga er det full start i Svinviks Arboret, både med publikum og med blomstring. I dag er det faktisk første opningsdag denne sesong, og det fell jammen godt saman med starten på rhododendronblomstringa. Det har vore kalde i vêret denne våren, så det er først no at blomstringa har starta for alvor. Men det varme vëret dei siste par dagane har verkeleg sett fart på blomstringa, så no kjem nok rhododendronblomstringa for fullt.
Les heile sakaLaurdag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, med Torbjørn Brøske som liturg. Det vart ei fin og høgtideleg avslutning for konfirmantførebuingane som har foregått i vinter. 3 av dei fem konfirmantane høyrer heimen i Todalen sokn, medan 2 kom frå andre sokn – ein frå Stangvik og ein frå Trondheim.
Les heile sakaI går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.
Les heile sakaSanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.
Svinviks arboret er ein museumshage med ei stor samling av rododendron, frukthage, stauder og bartre. Her finn du også ein sesongkafe og eit lite planteutsal. Både rododendron og frukttre har starta på blomstringa no, og fortset i tida framover.
Les heile sakaRett før påske var DJI Enterprise og Trondheim Brann og Redning på Kårvatn for å gjere filmopptak for å lage reklamefilm om DJI Enterprise sin nye drone Matrice 350 RTK som blir lansert i desse dagar. Todalen Idrettslag var leigd inn for å transportere utstyr og personell med snøscooter og stilte med statistar i filminnspelinga.
Les heile sakaLaurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile sakaTysdag 23. mai startar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag opp att fjelltursesongen, der dei i løpet av sesongen vil besøke mange fine turmål. Tysdag går turen til Årnes. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Årnes.
Les heile sakaOgså på Nordvik har dei i tradisjon tru feira nasjonaldagen. Rapportane fortel om ei fin feiring også hos våre gode naboar på Nordvik. Etter å ha delteke i 17. mai-toget i Todalen var det klart for middag og 17. maifeiring i Nordvik forsamlingshus.
Les heile sakaTorsdag er det Kr. himmelfartsdag, og Matkroken Todalen har kioskope til vanleg tid kl 16:00 til 18:00 og vanleg opningstid resten av veka. Drivstoffanlegget er som vanleg ope for kortsal heile døgnet.