Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spelar du Minecraft og har lyst ut på eit action-eventyr?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. desember 2023

Da vil Teatret Vårt sende  deg ut på eit spesialoppdrag i Surnadal!Teatert Vårt/Riksteatret kjem til Surnadal kulturhus 28. februar med Minecraft-stykket «Det mørke fortet». Til dette stykket treng dei seks lokale skuegamearar.

Kva gjer ein skuegamar? Da sitt du litt til sides og spelar Minecraft mens skuespelarane er på scena. Det skuegamarane gjer, blir vist på ein storskjerm på scena.

Skuegamarane møter ei stund før forestilling for å gå gjennom alt det artige dei skal gjera. Dei skal vere mellom 11 og 15 år og må ha erfaring med å spele «survival».

Det seier ikkje mange av oss over 15 noko, men har du ein i huset som er «innafor», gå til denne lenka og høyr om dette kan fenge – og meld ho eller han på:

https://www.teatretvart.no/om-teatret/presse/nyhetsarkiv/spiller-du-minecraft-og-har-lyst-til-a-vare-med-i-et-action-eventyr/

Først publisert: 28. desember 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 27. desember 2023, 18:25