Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. desember 2023

Tradisjonen tru, opnar Surnadal kulturhuset nyåret med besøk frå TrondheimSolistene – denne gongen med Gjermund Larsen som gjestemusikar, når dei inviterer til nyttårskonsert fredag 5. januar klokka 19:00. Tilbake er også cellisten Øyvind Gimse som musikalsk leiar for nyttårskonserten

TrondheimSolistene inviterer denne gongen nordmøringane med på ei spennande reise gjennom ulike folkemusikktradisjonar. Publikum vil få oppleve Biber som blandar tradisjonelle melodiar i musikken sin, Tchaikovsky som har med to ukrainske folkesongar i sitt stykke og Tveitt med ein «folketone» frå middelhavsområdet.

Gjermund Larsen. Foto: Agnete Brun

Gjermund Larsen, godt kjent i Surnadal frå før, er med som gjestemusikaren denne gongen. Og ein vil sjølvsagt få høre fleire av stykka til denne trøndske folkemusikaren. Eitt av stykka vil også vere i samspel med lokale kulturskuleelevar.

Billettar til nyttårskonserten med TrondheimSolistene

 

 

Publisert: 27. desember 2023, 19:00