Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koseleg juletrefest på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. desember 2023

Nordvik Grendalag inviterte i dag til si tradisjonelle juletrefest i Nordvik forsamlingshus, og det vart ei fin og stemningsfull juletrefest. Rune Måøy, leiar i arrangementskomiteen ønskte velkommen og leia forsamlinga gjennom programmet. 

Idun Solem Måøy, Oda Solem Måøy og Ingeborg Åsbø las juleevangeliet. Foto: Tonje Kristin Vikan

Juletrefesta starta med ein allsong, før Idun Solem Måøy, Oda Solem Måøy og Ingeborg Åsbø las juleevangeliet. 

Etterpå vart det servert kaffe, snittar og skuffkake, kan Rune Måøy fortelje. 

Stolleiken var populær både for små og store! Foto: Tonje Kristin Vikan

Etter kaffe og servering, var det tid for stolleiken. Det var eit populært innslag for både store og små, og fekk fram litt av konkurranseinstinktet hos dei fleste frammøtte. 

Stolleiken var populær både for små og store! Foto: Tonje Kristin Vikan

På juletrefest høyrer det med å gå rundt juletreet, og mange ville vere med på akkurat det. Så det vart fleire ringar rundt juletreet og god stemning. 

Mange var med og gjekk rundt juletreet! Foto: Tonje Kristin Vikan

Og medan nordvikgardingane gjekk rundt juletreet og song «På låven sitter nissen«, så dukka nissane faktisk opp, slik at dei yngste fekk nissepakke også i år!

Nissane kom på Nordvik Grendalag si juletrefest også i år. Foto: Tonje Kristin Vikan

Bernt G. Bøe har spela på eit tosifra juletrefester på Nordvik, og fekk i år ei messingklokke, som er støypt i Åsbøhagen som takk for innsatsen gjennom desse åra. – Det er alltid så triveleg å koma til Nordvik, sa Bernt da han takka for gåva. 

Bernt G. Bøe med messingklokka han fekk av nordvikgardingane. Foto: Tonje Kristin Vikan

Da kan Nordvik Grendalag og årets komite notere at nok ei vellukka juletrefest har gått over i historia. 

 

 

Publisert: 26. desember 2023, 17:15