I går kveld inviterte styret i Todalen bøgdalag til ryddedugnad før 17. maifeiringa. Sju personar møtte opp. Det vart delt opp to ryddegjengar som rydda vegkantane på kvar si side av bygda, samt frå Pilskaret til Øyabrua og frå Bruset og opp til gammelfabrikken.
Les heile saka
Du lurte kanskje på kva Aasmund Longva Kvendset og Ove Island heldt på med i går da du observerte dem på vegkanten inn til Todalen og rundt i bygda? Vi trefte de to parkeringsplassen ved Todalshytta, og kan avsløra at dei representerte Svorka-selskapet S-Nett, som eig og driv heile strumnettet i «Svorkaregionen». Tilsaman er det 360 km med linjenett og rundt 3600 pålar som skal ha regemessig ettersyn.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til grunnlovsgudsteneste i Todalen kyrkje onsdag 17. mai klokka 14:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Det var Håvard Gjeldnes som trekte det lengste strået under Dammen Opp 2023 på Nordvik, men jammen går det an å seie at Isak Drøpping pusta han i nakken. 8 fattige sekund etter gikk Isak i mål på den 3 km lange løypa etter vegen frå Forsamlingshuset og opp til dammen og inntaket for Nordvik Kraft. Beste tid i dameklassen fikk Berit Mogstad, som kom i mål på 15,52 og 39 sekund etter tida til Håvard Gjeldnes på 15,13.
Les heile saka
Måndag 15. mai går Kløverturen til Øyalia, melder Todalen Sanitetsforening. Det blir oppmøte ved Matkroken til vanleg tid, kl 11, for samkjøring til Ungdomshuset. Turen oppover Øyalia tek utgangspunkt derfrifrå. Alle som har lyst til å bli med er velkomne til ny Kløvertur!
Skisesongen er nok på hell, men skigleda varte ut april og det var nettopp bilete til Torgunn Nordvik som fekk flest røyster i prestisjekåringa av månadens bilete for april. Vi gratulerer!
Les heile saka
Treffast Surnadal fekk denne veka ei gledeleg melding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Treffast fekk nemleg 50.000,- kroner i støtte til oppstart og grunninvesteringar knytta til utstyr og forbruksmateriell.
Les heile saka
Tida er inne for å kome i gang med valkampen, melder Arbeiderpartiet – laurdag 13. mai møter du Surnadal Arbeiderparti på stand utanfor Extra på Skei. Vi byr på ein kaffekopp og triveleg samtale. Kom og hels på oss, vi er på plass frå kl. 11 til 14!
Les heile saka
I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Haltbakken. 22 stavgangarar var med på turen frå Rabbleet på Nordvik og til Haltbakken. Kaffepause i gapahuken ved fjorden.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer til ryddedugnad langs vegkantane rundt bygda måndag 15. mai klokka 18:00. Oppmøte på Bordholmen for utdeling av utstyr og fordeling av «rydderuter». Dei som har mogleheit, kan ta med hengar.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til saueaversjon onsdag 24. mai og onsdag 7. juni klokka 17:30 båe dagane. Årets saueaversjon foregår hos Bjarte Morten Røen med adresse Kvennbøvegen 78.
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer til tradisjonell 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus onsdag den 17. mai etter biltoget. Biltoget startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00, så frokosten blir servert rett etter at biltoget har køyrt rundt bygda og kome opp til ungdomshuset. litt før klokka 11:00.
Les heile saka