Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.
Les heile saka
Trimgruppa har opna luke 2 på sin julekalender, og dermed er spenninga løyst ut, og vinnarane er klare. Attafor luke 2 var det heile 3 gevinstar, og dermed blir det 3 heldige vinnarar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening tek ein ny vri på basaren sin i år: Sanitetsforeninga inviterer til adventsstund i Sanitetshsuet tysdag 5. desember kl. 17:00.
Les heile sakaFredag kveld var vi invitert på julegrantenning i Brusetmarka, eller nærare bestemt i Trudvangkrysset. Det vart ei triveleg stund, med gløgg, varme pølser og sjølvsagt nylaga julebrød av mange slag. Dei fleste heimane på legmålet var representert – frå Brusetgrenda og oppover til Kårvatn – her kunne du bokstaveleg talt treffe naboen.
Les heile sakaNordvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Nordvik forsamlingshus søndag 10. desember klokka 17:00. Grendalaget lovar skikkeleg basarsøg og fin førjulsstemning.
Les heile sakaSøndag er det mykje som skjer her i Todalen. Todalen Sokneråd inviterer til lysmesse i Todalen kyrkje, Todalen Idrettslag inviterer til adventsmiddag i Todalen ungdomshus og til slutt er det julegatetenning av Todalen bøgdalag si julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø.
Les heile sakaEndeleg er dagen komen og vi kan publisere dei første vinnarane i Trimgruppas Julekalender 2023. Og det er ikkje småtteri vi trør i gang, fortel medlemene i Trimgruppa som har organisert både innsamling av gevinstar, salg av kalendrar og frå 1. desember er ein altså i gang med trekkninga.
Les heile sakaTorsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset. Det var Kari Løvendahl Mogstad som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.
Les heile sakaI Pestua er det no mogleg å kjøpe egg døgnet rundt, altså 24/7. Via det nybygde sjølvbetente utsalsrommet, ved sia av kjølelageret i hønsehuset. Her kan du få kjøpt XXL, store, usorterte og medium egg. Men Anders Karlsen understrekar at alle framleis er velkomne til å ta kontakt for å få kjøpt egg på same måte som tidlegare. Det same gjeld om ein ønsker å kjøpe bakaregg og for spesialbestillingar.
Les heile sakaStåle Ansnes, frå Todalen Mjølk, kan rapportere om nypreparerte løyper i Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra. Han kan rapportere om jamnt over fine forhold for skigåing, men enkelte parti i traseen har litt lite snø enno.
Les heile sakaPå Nylevollen utafor Bjørås er det anlagt nytt steinbrudd i haust. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet og som i haust har arbeidd med uttak av stein. Kristen Bruset, som er grunneigar, fortel at det er bygging av ny lunningsplass og ny avkjøring for skogsbilveg som er på gang
Les heile sakaSkaden på strumforsyninga til basen på Talgøsetra/Reiret var meir omfattande enn ein først trudde. Men i 14.30-tida meldte Svorka at breibandsbasen og Telia mobil igjen er operative frå basestasjonane på Talgøsetra – etter at skaden er midlertidig reparert.
Les heile sakaSjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.
Les heile saka