Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God stemning på «påskequizen»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. mars 2024

I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «påskequiz» i Todalen ungdomshus. Sondre Halset var quizmaster, og hadde laga ein god quiz med varierte spørsmål og vanskelegheitsgrad. Litt over femti møtte fram for å vere med på «påskequizen» og kjempe om dei to gåvekortpremiane på 500 og 200 på Matkroken Todalen.  

Dei siste ni spørsmåla var knytta til varar og fjell. Foto: B G Ansnes

Quizen var iddelt i tre bolkar, med pause mellom. Der første bolken hadde spørsmål relatert til påska. Bolk to var lett blanding, medan tredje bolk var ein bildequiz der deltakarane fekk sjå bilder av varar på ni fjell, og ut i frå dette skulle finne ut kva fjell det var. 

Da alle laga var ferdige med å svare på dei trettito spørsmåla, skilde det eitt fattig poeng mellom vinnarlaget Godt å blanda uten lakris (35,5 poeng) og The Brainiacs (34,5 poeng) på andre plass. Oppnåeleg poengsum for heile quizen var 41 poeng maksimalt. 

Under quzen selde bøgdalaget forfriskningar, og folk kosa seg, så det vart nok ein vellukka og triveleg quizkveld i ungdomshuset.  

Publisert: 28. mars 2024, 12:01