Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seterrennet på Nordviksetra 2024

Anna Ingeborg Nordvik Torsdag 28. mars 2024

Som alltid vart seterrennet på Nordviksetra avvikla på skjærtorsdag. I år var det både ver og føre som passa for alle. Akkurat nok sol ,og eit føre som passa like god for ski som for dei som kom til fots.

Ola deler ut startnummer. Foto: Anna Ingeborg Nordvik

Klokka tolv delte rennleiarane Ola og Kristoffer ut startnummer og langrennet med idealtid kunne starte. Det var både kort og lang løype og den som kom nærast idealtida var Jenny Eilertsen, med Ingrid Nordvik og Inger Kristin Nordvik på delt andreplass.

Søstrene Jenny og Ylva Eilertsen frå Trondheim klare til start på langrenn. Foto: Anna Ingeborg Nordvik

Folk frå Nøtterøy i sør og Trondheim i nord kosa seg  i sola. Medan dei venta på kulerennet , kunne dei kjøpe pølser med brød og kaffe og sjokoladekake av Line og Inger Kristin i Oppistuskjelet.

Langvegsfarande folk frå Todalen. Frå venstre Hedda Emilie Bratt med Johan Fredrik Bratt Øiestad 9 md, Martin Øiestad, Shan Allan Halle, Bibbi og Johan Naustvollen. Foto: Anna Ingeborg Nordvik

Kulerennet gikk over tre rundar med mange gode rennarar og ikkje så mange fall heller. Alle kom frå det i god behold. Alvin Haga vart nr 1 og Anders Dalsegg Bruset nr 2

Anders Dalsegg Bruset i fint driv. Foto: Anna Ingeborg Nordvik

Todalingane har starta opp med eit konkurrerande arrangement kalla Gunnøydilten. Det var derfor ikkje så mange todalingar å sjå i år, ikkje ein gong handelsmann Nordvik kom får å få sin årlege cognac. Men i bakken ved kuleløypa traff eg på ein familie som ferierer på Naustvollen. Mor og bestemor Bibbi kunne fortelle att ho har vore på seterrennet nesten kvart år sidan først på 1970-tallet. Dei første åra var ho med Johan Hals, Terje Nordvik og Einar Olsen. Sidan har ho vore her med mann og barn i all slags ver, også i dei åra det ikkje har vore snø. I år var ho her med dotter, svigersønn og barnebarn. Slike trufaste deltakarar sett vi pris på.

Anna Vikan over siste kulen i kulerennet. Foto: Anna Ingeborg Nordvik 

Hanne, Ingar og Nina sto for premieutdeling frå eit rikhalding premiebord der alle kunne ta det dei hadde mest lyst på.

Publisert: 28. mars 2024, 21:00