Som vi skreiv førre veke, etter at Kjell Gunnar Polden (MDG), hadde vore i kontakt med Atle Ræstad hos Fram Møre og Romsdal om å få endra avgangstid for siste avgang frå Rykkjem, som var meir tilpassa pendlarane. I dag fekk vi beskjed frå Fram og Atle Ræstad om at det blir nye ruter for ferjestrekninga 1061: Kvanne – Rykkjem frå måndag 22. januar.
Les heile saka
Den eldste tredemølla på Hett & Svett har ei stund vore ute av drift, noko som har halvert kapasitet for trening på tredemølle. Driftsleiar på Hett & Svett, Anders Mo, kan no opplyse at dei har funne feilen, og at ny del er montert. – Så no fungerer tredemølla som den skal igjen, kan han fortelje.
Les heile saka
I dagens sprintkonkurranse vart det etter kvart stor spenning. Både Aron og Isak kvalifiserte seg til semifinalen, og det gjorde Aron på alle beste tid. Aron gikk videre til finalen med beste tid i semifinalen, og dermed kunne vi føle spenninga helt ut i fingertuppene. Det gikk veien også i finalen og Aron kom inn til beste tid. Men så enkelt var det ikke – dommerne var ikke enige, og dømte 15 sekund i tillegg for Aron. Han hadde ikke handtert fellene på riktig måte og firkk derfor 15 nådeløse sekund i tillegg. Dermed vart det 6.-plass og medaljen måtte vike.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer til «Nyttårsfest for eldre» i Surnadal på Thon Hotell Surnadal onsdag 24. januar klokka 17:00. Det blir servert middag, desert og drikke. Det blir også underhaldning, loddsal og moglegheit til å ta seg ein svingom, for dei som ønsker det!
Les heile saka
Surnadal Golfklubb har i mange år arrangert turneringa «Et slag mot kreft», til inntekt for kreftsaka. Dette har tydeligvis vorte lagt merke til i Kreftforeningen, for no er det nemleg deltakarane frå Surnadal Golfklubb si turnering på Surnadal golfpark på Mo i 2023 som prydar heimesida etslagmotkreft.no.
Les heile saka
Klokken 12:00 onsdag 10. januar gjennomfører politiet og sivilforsvaret ny Nødvarsel-test på mobil og med sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile landet, i ein felles nasjonal varslingsprøve.
Les heile saka
Øvelsen i randonee some heiter individuelt er en krever både kondisjon, fart og nøyaktighet. Denne uken er det Randonee-EM i Flaine/Chamonix og i dag er det individuell som går av stabelen som første øvelse. EM som blir arrangert i Flaine/Chamonix går fram til og med 13. januar.
Les heile saka
Det er no fine forhold i alpinsentret og anlegget er for lengst kome i gang med drifta. I jula har det vore opningstider tilpassa skulefri og ferie, men no er ein i gang med ordinær opningstid. Det vil seie at anlegget er ope alle dagar unnateke tysdag og fredag. På kvardagar er opningstida 18-21, medan det på helg er ope 11-16. Opningstider kan avvike grunna vær- og føreforhold. Sjå oppdateringar på alpinsenterets Facebookside
Les heile saka
EM I Randonee blir i år arrangert i Flaine/Chamonix i Frankrike i perioden 8. -12. januar. Trollheimen fjellsportklubb har i år med 3 deltakarar, og no er dei på tur, og her er dei knipsa da dei var på tur til innsjekkinga på Gardermoen i dag. Flyturen går vidare til Genève sammen med resten av delegasjonen frå Noreg.
Les heile saka
Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte i klubbhuset på Søyabanen tysdag 20. februar klokka 19:30.
Les heile saka
Laget Vårsøg/Vårsøghelga held årsmøte på Surnadal kulturhus onsdag 7. februar kl. 19:30.
Les heile saka
Som kjent foregår det arbeid på fergekaia på Kvanne, eit arbeid som fører til at siste avgang frå Rykkjem går klokka 22:05, ei avgangstid som gjer at pendlarane har store problem med å nå ferga, eller rettare sakt, ikkje når den. Da er alternativet å køyre om Kanestraum – Halsa, noko som forlengar turen med fleire mil og tek mykje lengre tid.
Les heile saka