Surnadal demensforening og helselag inviterer til dekorasjonskurs på Hageland Surnadal måndag 22. november klokka 18:00 – 21:00. Her blir det lagt opp til ein sosial kveld, samstundes som dekoratørane Toril Kvande og Malin Sveen vil vise korleis ein lagar julekransar og andre dekorasjonar.
Les heile saka
Her får du ni veldig flotte kandidater til månadens bilete for oktober.
Stem på det bilete du liker aller best.
Les heile saka
Kommuneoverlegen i Surnadal kommune melder i dag føremiddag at kommunen har fått melding om eit påvist tilfelle av koronaviruset. Smittetilfellet gjeld ein eldre fullvaksinert person. Personen er isolert og smittesporing er sett i gang.
Les heile saka
laurdag inviterer Todalen Sanitetsforening til ny «strikkekaffe» i Sanitetshuset på Kvennset. Strikkekaffen startar kl 13 og varer til kl 16, og er siste strikkekaffen før jul. Da bys det på triveleg samvær og utloddning – og med enkel kaffepause med noko attåt. Ta gjerne med ein liten gevinst. – Og sjølvsaget er alle velkomne – med og utan strikketøy!
I dag lanserte Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal nyheita Sammen på tur i turappen sin. Stikk UT! Sammen er det nyaste i tilbodet til Frilufstrådet Nordmøre og Romsdal, og noko Friluftsrådet har god tru på skal bli nok ein suksess for Stikk UT! konseptet.
Les heile saka
Surnadal Jeger- & fiskeforening minner om innendørs skytetrening i klubbhuset på Angråmyra – det skjer kvar tysdag kl 18:00.
Tysdag var forfattarane Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer i Kaffekroken for å promotere og selje slektsboka si. Dei er dotter og mor som vi tidlegare har skrive om her på Todalen.no og som no altså har skrive bok om slekta si – familen som stammar frå Ørsalgeilen og som no praktisk talt er spredd over heile verda.
Les heile saka
På Talgø er det behov for flere medarbeidere, og i dag lyses det ut 3 stillingar som skal besettes snarest: Konseptutvikler, Digital markedsfører og HR/HMS-& miljøansvarlig. To av stillingene er på Marketingavdelingen, mens den tredje er nyopprettet stilling i morselskapet Talgø Invest – alle med arbeidssted på hovedkontoret i Todalen.
Les heile saka
I samband med bygginga av det nye impregneringsverket på Talgø MøreTre er vi etter kvart vorte vant med tunge løft for utstyr som har kome sjøvegen til Surnadal Hamn. Søndag kveld var det «Samskip Kvitnos» som «stakk innom» Surnadal Hamn med det hittil tyngsste enkeltkolli til utbyggingprosjektet. Da kom nemleg den store autoclaven (trykk-kokaren) som var på heile 53 tonn.
Les heile saka
Fredag 12. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød.
Les heile saka
Indre Nordmøre senioruniversitet inviterer til operatur til Festiviteten i Kristiansund onsdag 9. februar 2022. Det er oppsettinga av operaen «Tosca» i Festiviteten som er det endelege målet for turen, men det blir også middag og desert på Smia før operaen. Senioruniversitetet har reservert 40 billettar, så her er det berre å «kaste seg rundt» og bestille billettar.
Les heile saka
i dag er det førpremiere på den storslagne nyinnspelinga av den årlege nasjonaltradisjonen «Tre nøtter til Askepott» på Surnadal kulturhus. Førpremieren tek til klokka 14:00. Fredag 12. november klokka 18:00 følger dei opp med Norgespremiere på same film.
Les heile saka