Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kosa seg i lag på strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

Det er stabilt og bra oppmøte på strikkekaffe i Sanitetshuset kvar gong.  Det er tydeleg at det er eit arrangement som er midt i blinken  – det er sosialt og deltakarane likar seg i kvarandres selskap. Dei tykkjer og det er fint å kunne være med og bidra til noko nyttig – slik som no på ettervinteren når dei har strikka varme huver, votta og lesta i flotte fargekombinasjonar. 

Lotteri høyrer med på strikkekaffen – inntekta av lotteriet går inn i drifta av sanitetsforeninga og dermed til mellom anna strikkekaffen som er gratis for deltakarane. Foto Jon Olav Ørsal

No har dei eit stort lager med ferdigvarer som berre ventar på at mottaket skal bli klart. Det skal nemleg leverast på «sanitetsrommet» på kommunehuset i påvente av at flyktningestraumen når Surnadal. I påvente av nye behov så går strikkekaffen vidare i normal gjenge, og da er det sjølvsagt kaffeservering, utlodding og sjølvsagt den gode praten rundt kaffebordet. 

Rundt kaffebordet – frå venstre Synnøve Talgø, Eli Bruset, Åse Redalen og Jenny Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet nærast – frå venstre Synnøve Gjeldnes, Jorunn Ørsal, Anne Helene Halset og Ester Karin Larsen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. april 2022, 14:23