Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planlegg nytt vårtreff i Industrivegen – endeleg igang igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

Heilt sia 90-talet har Eiksentret arrangert «Vårtreff», der dei har invitert sine kunder til ei triveleg samling med traktering og gode tilbod.  Det har skjedd tidleg på våren, slik at folk har hatt tid til å ta ein tur før våronna har starta.  Dei siste åra har Eiksentret også invitert med seg naboane på vårtreff, og no er alt nytt vårtreff til veka etter påske – nærare bestemt fredag 22. og laurdag 23. april. Pandemien sette stoppar for fjorårets arrangement etter at dei akkurat rakk å arrangere vårtreff  i 2020.

Heile gjengen tek til orde for at dei tykkjer at det er godt å samarbeide på tvers av bransjane med dette arrangementet – vi har veldig gode erfaringar med at mange langvegsfarande tek ut for å delta på dett.  Det kjem folk både fra Aure, Smøla, Hitra – og sjølvsagt frå dei næraste trønderkommunane og over fjorden frå Sunndal og Tingvoll.  Det trur vi er gøytt både for publikum og for næringsdrivande.  

Hos Sveen Auto kan du blant anna sjå den nye og oppgradert VW T-rock, fortel Stein Egil Aakvik og Lars Kristian Todal. Foto Jon Olav Ørsal

Dei handlande lagar aktivitetar og traktering kvar med seg, og i tillegg blir det meir som eit torgarrangement på plassen framfor Byggmakker og Hageland.  Det blir sjølvsag mange gode tilbod i alle butikkane som også har invitert mange leverandørar til å være med på demomstrasjonar og prøvekjøring.  Laurdag arrangerer lokale bilentusiastar utstilling av veteranbilar utafor Sveen Auto. Under vårtreffet blir det også konkurranse – eit artig rebusløp med ein iPad som flott premie for den som går av med sigeren. 

Dei næringsdrivande som blir med på dette vårtreffet er sjølvsagt Eiksentret i Surnadal, Sveen Auto, Rørservice, Hageland Surnadal og Byggmakker Surnadal.  I tillegg vil fleire være tilstades på torgplassen framfor Hageland/Byggmakker – f.eks Reko-Ringen.  Vi kjem etterkvart med meir detaljert informasjon når arrangementet nærmar seg.

Litt snø kan det nok kome enno, men det tek vi med godt humør, seier Malin Sveen og Ida Bochkon hos Hageland Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Har trua på at det blir vår no, så vi har forlengst fått plenkløpparar i utstilling, seier Iver Magne Nes hos Eiksentret Surnadal.

Rørservice: Knut Nergård og Ronny Løset i planleggingsmodus mot vårtreffet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. april 2022, 05:00