Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flytter hjemover for jobb på Talgø

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. november 2020

En stadig økende etterspørsel etter elementer fra Talgø Bygg har medført behov for utvida kapasitet på prosjekteringssiden, og vi har nå ansatt Emil Haugen Ansnes som teknisk tegner hos oss. Emil er opprinnelig todaling, 26 år ung og utdanna prosjektingeniør, skriver Talgø på hjemmesiden talgobygg.no.

Les heile saka

Todalsfjordprosjektet – eitt skritt nærare realisering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. november 2020

På dagens møte i Surnadal Kommunestyre vart Kommunedelplana for Todalsfjordprosjektet vedteken med 22 mot 5 røyster. MDG fremma forslag om å seie nei til Kommunedelplane, men fekk altså berre 5 røyster for dette forslaget. På same møtet vedtok Kommunestyret å gå inn med 1 million for å utvide aksjekapitalen i Todalsfjordprosjektet. I går vedtok Sunndal Kommunestyre, mot 1 røyst, Kommunedelplana, og å gå inn med 1 million i utvida aksjekapital i Todalsfjordprosjektet. 

Les heile saka



Dess fleire kokkar, jo meire søl….

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. november 2020

Tysdag kveld gjekk vi oss borti eit kokkelag som hadde planlagt å prøve seg fram med produksjon av leverpostei av elglever.  Dei fortalte at ideen var fødd da jaktlaget, Storli jaktlag, var på elgjakt på Terråk i Bindal kommune. Der har dei vore på elgjakt i mange år, og etter kvart har det vorte felt mange elgar og det har vorte mykje både elg- og hjortkjøt som skal foredlast.  Dermed dukka ideen opp om å ta vare på innmaten og nytta denne i matproduksjon.  Og da var heller ikkje ideen om å prøve seg på produksjon av leverpostei langt unna.

Les heile saka



Vintersesongen i gang på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. november 2020

Anleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur. 

Les heile saka

Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. november 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 7.  desember  og tysdag 8. desember. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.

Les heile saka



Det blir julegate i år òg – men ikkje Julemarknad

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. november 2020

Laurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen. 

Les heile saka