Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste nytt om koronavaksineringa i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. februar 2021
Koronavaksineringa er godt i gang med prioriteringsgruppe 3 kor vi no vaksinerer personar på 80 år. Grunna begrensa tilgang på vaksiner blir det i neste veke eit kort opphald i vaksinering av nye personar i denne gruppa.

Sist veke vart 78 personar vaksinerte under fellesvaksineringa i Surnadal kulturhus. I tillegg vaksinerte vi ei gruppe med andre dose og nokre utvalde helsepersonell. Denne veka er det 60 nye personar i gruppe 3 som er innkalla til fellesvaksinering fredag 19. februar. FHI har dei siste vekene sendt ut vaksiner frå beredskapslageret sitt, slik at kommunane har fått litt fleire doser. Dette lageret har no kun att vaksiner til dei som skal ha andre dose kommande veke. Desse er allerede kalla inn. Til vinterferieveka blir det difor ikkje sendt ut innkallingar til nye personar. Vi startar med innkalling av nye personar for veka etter vinterferien så snart vi har fått varsel om antal doser i neste forsending frå FHI.

Fleire vaksiner og raskare vaksineringstempo 

Det er enno usikkert kor mange nye vaksiner vi får tilsendt etter vinterferien, men det er venta ein betydeleg auke i leveransane til Norge frå mars månad og utover. Eit nøkternt scenario frå FHI for mars, viser meir enn ei dobling frå februar i form av leveransar frå vaksineprodusenten Pfizer-BioNTech. I mars får vi dermed  eit raskare tempo i vaksineringa av personar over 65 år enn det vi har hatt til no. 

I mars er det også venta leveransar til Norge av vaksinen frå AstraZeneca tilsvarande nivået på tilgjengelege doser vi har hatt til no. Denne vaksinen er i første omgang prioritert for helsepersonell og skal ikkje gis til personar over 65 år. Vaksinen frå produsenten Moderna er av samme type som vaksinen frå Pfizer-BioNTech, og vil frå mars kunne supplere vaksineringa av personar over 65 år og enkelte andre risikogrupper. Per i dag veit vi ikkje når eller kor mange doser kommunen vil få av desse to vaksinene.

Koronavaksineringa er ein følgetong med fleire ukjende faktorar og forbehald om endringar. Vi ser aukande utbrot med meir smittsame virusvariantar mange stader i landet. FHI held fast på sin vaksinestrategi, og som vi lojalt følger opp i Surnadal.

Alt i alt, går vi inn i ein hektisk vaksineringsvår dersom alt klaffar. Mykje tyder på at alle over 65 år og risikogruppene under 65 år vil vere fullvaksinerte før fellesferien. Det er så langt ikkje meldt om alvorlege biverknader i Surnadal kommune og oppslutninga om vaksineringa er god.

For ytterlegare informasjon og oppdateringar, sjå Surnadal kommune – informasjon om Covid19

Publisert: 16. februar 2021, 14:59