Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Organisten Ronny Kjøsen nominert til Spellemannspris for 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 14. februar 2021

«Organisten vår», Ronny Kjøsen er ein av fire nominerte til Spellemannsprisen i klassen Folkemusikk/tradisjonsmusikk for 2020. Spellemannsprisane for 2020 blir delt ut under eit TV-sendt (NRK) musikkshow fredag 16.april. Kjøsen er nominert for CD-en BoneBohem som han gav ut i 2020. Tittelen på CD-ymtar om at Kjøsen i mange år har vore mjølkebonde. Kjøsen er i dag busett på Rindalsskogen og er organist i Todalen, Stangvik og Åsskard sokn. 

På CD-en har han med seg Ingrid Storlimo (song), Øyvind Smidt (fele og mandolin), Jo Ranheim (gitar), Morten Berger Stai (kontrabass) og Stian Lundberg (trommer og perkusjon). I tillegg har han med seg fleire gjestemusikarar, m.a. felespelaren Nils Økland. 

Ronny Kjøsen på plass ved orgelet i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

CD-en har tretten spor. Her er det både eigenkomponerte- og tradisjonelle låtar. CD-en har eit variert musikkbilete som inkluderer pols, vals, bruremarsj og skotskinspirert konsertstykke.

Av dei eigenkomponerte låtene på CD-en har Kjøsen sett melodi til fire av Alvdal-forfattaren Ola Jonasmoen sine tekster. To av desse melodiane er henta frå framsyninga «Frå en utkant» som var eit samarbeid mellom Kjøsen og Jonsmoen. I tillegg har han komponert fem melodiar til som vi får høyre på CD-en. 

I tillegg til dei eigenkomponerte låtane spelar Kjøsen tradisjonelle låtar på CD-en. Her kan vi nemne Meldals-spelemannen Ragnvald Bolmes sin springdans/pols «Gautefallen» og ein bluesprega versjon av reinlendaren «Klara og Harald» av Klara Semb og Harald Gilland. 

BoneBohem. Foto Øra Fonogram

Kjøsen er opprinneleg frå Hølonda i Melhus kommune, same staden som ein, tidlegare og ikkje heilt ukjent «skikonge», med namnet Oddvar Brå, kjem frå.

Kjøsen er ein allsidig musikar og trakterer i tillegg til trekkspel både gitar og tangentinstrument. Han har vore, meir eller mindre, profesjonell musikar i over tretti år. Han har og vore kordirigent og kyrkjemusikar, forutan å ha vore mjølkebonde i mange år. Så vi kan vel trygt seie at «organisten vår» er ein allsidig kar! 

Vi ønsker Ronny Kjøsen lykke til den 16.april! 

Først publisert: 14. februar 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 13. februar 2021, 17:29