Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» i fine løyper

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. februar 2021

I kveld var det eit par blå grader og fine forhold for skigåing, da Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe arrangerte sesongens sjuande «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyre. Det er snart 10 år sidan lysløypa på Tjønnmyra vart ferdigbygd og opna, men det har aldri tidlegare vore ein så lang samanhengande periode med fine forhold som denne etterjulsvinteren. Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg har lagt ned ein stor innsats med å preparere traseane og spora gjennom heile perioden. 

Oppmøtet på «Barn i løypa» har vore bra heile sesongen, og kveldens arrangement var ikkje noko unntak i så måte. Laiar i Barne- og ungdomsgruppa, Ola Dalsegg, er verkeleg godt nøgd med oppmøtet som har vore. Han er og glad for å sjå at ALLE har hatt ei positiv utvikling i sine eigne ferdigheiter i skisporet. 

Edvard og Olav. Foto: J S Ansnes

Ola fortel vidare at Barne- og ungdomsgruppa vil halde fram med «Barn i løypa» så lenge det er forhold for skigåing i lysløypa på Tjønnmyre. 

Neste «Barn i løypa» blir onsdag 24.februar klokka 17:30. 

Nedanfor kan du sjå nokre fleire bilete frå i kveld:

Publisert: 17. februar 2021, 19:33