I eit presseskriv frå Laget Vårsøg opplyser dei at konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistane den 7.november i Stangvik kyrkje blir avslyst. Avlysinga er ein direkte konsekvens av dei gjeldande smittevernsrestriksjonane i samband med Koronasituasjonen.
Les heile saka
Torsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig.
Les heile saka
Etter ein lang pause på grunn av koronavirusets «herjing» var Senioruniversitetet attende med samling i kulturhuset for både medlemar og andre sist torsdag. På programmet stod songmøte, med gamle revyviser som tema. Det er nok eit veldig aktuelt tema ettersom det no blir arbeidd med å samle gamle revyviser mellom to permar. Gamle revyveteranar legg ned ein stor jobb for å få dette på plass, og det vart signalisert at dei skal være i mål i neste år – kanskje til Vårsøghelga eller kanskje til neste haust, fortalte Eivind Holte som orienterte om stoda for dette arbeidet.
Les heile saka
Førstkomande laurdag opptrer duoen Franklind (Linda og Frank sPoon Botten) på Øra Kafe på Sunndalsøra. Det heile tek til klokka 21:00 og er ferdig slik at alle som tek turen skal ha god tid til å nå siste ferga på Rykkjem. Linda og Frank kjem frå Surnadal. Linda, er som mange av oss kjenner til, «halv» todaling, då mor hennar har vokse opp på Sandstad.
Les heile saka
Det går så det «susar» på Surnadal kino fortida med fulle hus, opplyser Steinar Hasselø frå kinoen. Dette gjer at dei fredag 9.oktober kl. 13:00 og søndag 11.oktober kl. 14:00 har vald å sette opp ekstraframsyningar av den populære animasjonsfilmen Knutsen og Ludviksen – Det store dyret.
Les heile saka
Med eit fint portrett bilete av Nils vant Helge Brokstad månadens bilete for september. Vi gratulerer til både mannen frammom og attom kameraet. Mailboksen vår har stor kapasitet for å tak imot nye bidrag til dagens bilete
Les heile saka
Som vi tidlegare har omtala her på Todalen.no, så blir det frå og med måndag 12.oktober ein forsiktig gjenopning av Hett og Svett. På fredag 9.oktober mellom klokka 17:00 – 17:30 vil personell frå Todalen Idrettslag vere på Hett og Svett for å dele ut nøkkelkort for den som er interessert.
Les heile saka
Tirsdag 6.oktober arrangerte fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Skåkleiva i Rindal. Vi var 19 stk. Det var sterk! vind fra øst, men sola skein så forholdene var egentlig gode. De færreste av oss hadde vært der før, så dette var absolutt en kjekk opplevelse.
Les heile saka
Informasjon frå Surnadal kommune:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening takkar for stor givarglede og god støtte i samband med VIPPSBASAREN. «Vi er både audmjuke og takknemlege for den gode oppslutninga om haustbasaren vår,» seier leiar Maren Ansnes.
Les heile saka
Første måndagen i oktober kom med godt ver, og ein skokk med ivrige turgåarar møttest ved Halsbua for å gå Kløvertur. Dette viser at Toåa tursti er eit populært turmål, og at denne turruta høver for alle.
Les heile saka
I samband med oppgradering av straumforsyninga og det elektriske anlegget i butikken blir vi nødd til å halde stengt tysdag ettermiddag frå kl 13.00. Deler av elanlegget er frå den tida da butikken opna på 80-talet og vi er no pålagt å skifte ut deler av anlegget med tanke på driftssikkerheit og for å få eit meir moderne utstyr med bl.a. automatsikringar i heile anlegget. Stengninga gjeld både butikken og drivstoffanlegget.
Les heile saka