Elevane i 5. – 7.årstrinn ved Todalen skule arbeider akkurat no med statistikk i undervisninga. Dei har difor laga ei spørjeundersøking med tre spørsmål, som dei håper lesarane her på todalen.no vil ta seg tid til å svare på.
Les heile saka
Elevane i 5. – 7.årstrinn ved Todalen skule arbeider akkurat no med statistikk i undervisninga. Dei har difor laga ei spørjeundersøking med tre spørsmål, som dei håper lesarane her på todalen.no vil ta seg tid til å svare på.
Les heile sakaTodalen Idrettslag melder at Hett & Svett stenger dørene att, foreløpig fram til og med måndag 18.jaunuar. Det vil då bli gjort ei ny vurdering om gjenopning, når nye nasjonale smittevernstiltak er kunngjort. Den foreløpige stenginga blir gjort etter dialog med kommuneoverlege Bjørn Buan måndag kveld.
Les heile sakaEin person i Surnadal kommune har fått påvist Covid19 smitte i dag. I tillegg har smittesporing i nabokommunen Heim ført til at to nærkontaktar no er sett i Karantene. Kommuneoverlege Bjørn Buan melder at situasjonen er under kontroll.
Les heile sakaI ei melding frå Surnadal kommune no i ettermiddag har vi fått ei kort statusoppdatering Som følge av dei nasjonale smitteverntiltaka som Regjeringa innførte frå og med i dag, melder Surnadal kommune om avlysingar og stengig av somme tilbod. Stengingane gjeld i første omgang fram til måndag 18.januar, men kan bli forlenga på kort varsel.
Les heile sakaSom følge av dei nye nasjonale smitteverntiltaka Regjeringa kunngjorde i går ettermiddag har både Svorka og Surnadal Sparebank stengt dørene for fysiske besøk inntil vidare. All kundekontakt går difor føre seg digitalt eller via telefon. Surnadal Sparebank vil i perioden dørene er stengde utvide opningstida på telefon fram til 21:00 på kvardagskveldar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening ønsker alle eit riktig godt nytt år!
Det vart ein tung start på året 2021; men vi må å sjå framover med håp og optimisme er helsinga frå sanitetsforeninga.
Les heile sakaDet blir igjen besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim som ein konsekvens av nye nasjonale innstrammingar i perioden 4 – 18 januar. Her vil ein følge nasjonale tiltak og anbefalingar
For sjukeheimen sin del gjeld følgjande vedr. besøk i denne perioden:
– Vi hevar beredskapen og stenger dørene.
– Besøk skal gjerast avtale om, og vi fører besøksprotokoll.
– Generelt gjeld at vi begrensar antal besøkande i perioden. Det vil bli prioritert besøk til alvorleg sjuke og besøk ein ser på som nødvendig.
– Andre forespørslar vil bli vurdert. Der vi ser at risikoen er låg, dvs at de ikkje har vore i kontakt med andre i jula som har medført ein auka smitterisiko, så kan vi åpne for at de får koma på besøk.
Seint i ettermiddag kom Regjeringa med nye nasjonale smitteverntiltak i samband med Covid19. Dei nye smitteverntiltaka gjeld frå og med i morgon, måndag 4.januar. Dette inneber mellom anna at alle ungdoms- og vidaregåande skular over heile landet blir plassert i raudt beredskapnivå. Dette inneber mellom anna til at 9.årstrinn ved Surnadal Barne og Ungdomskule ikkje skal møte på skulen, men ha heimeundervisning.
Les heile sakaTodalen Idrettslag melder at Hett & Svett opnar dørene att frå og med måndag 4.januar, etter å ha vore julestengt i eit par veker. Samstundes utvidar dei opningstida til å gjelde måndgar, onsdagar og fredagar, men ein må framleis ha nøkkelkort for å kome seg inn og ein må booke tid. Det er òg grunn til å understreke at det ikkje kan vere meir enn tre personar samtidig, og at personar som er sjuke eller er i karantene ikkje KAN trene medan dei er sjuke eller er i karantene. Elles må kunngjorte reglar følgjast fullt ut!
Les heile sakaDa vi var innom på Bordholmen no på tidleg ettermiddag var det full aktivitet på og rundt skeiseisen på Bordholmen. Både store og små kosa seg på skeiseisen. Ved klubbhuset var det fyrt opp i bålpanna, og her var det ferdiggrilla pølser for den som ville ha, eller berre rett og slett stå der ei lita stund for å få i seg varmen.
Les heile sakaBarne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder om fine forhold på skeiseisen på Bordholmen. Det er meldt kaldvêr framover og Barne- og ungdomsgruppa vil difor preparere skeiseisen i dagane framover. Så da er det berre å ta fram skeisene og ta seg ein tur på Bordholmen i det fine vintervêret!
Les heile sakaYr melder om ein stabil kald vêrtype, utan nedbør den komande 10-dagersperioden. Med stabil søraustleg vindretning mellom 1-3 m/sek vil det atter alt å dømme bli stabilt vintervêr her i området. Etter vêrmelding å dømme vil det bli temperaturar frå minus 2-3 og nedover til minus 5-6 grader – eller kanskje litt kaldare.
Les heile saka